For enkelte er begeret rett og slett fullt, og dei vender turistbygda ryggen og må dra sin kos utan å få letta på trykket.
- Vi drar
Du får rett og slett ikkje lov å gå på toalettet på Voss. I alle fall ikkje viss du er venelaus, og ikkje tilfeldigvis bur på Vossevangen. Det hjelper lite at du går på turistinformasjonen i Tinghuset. Der er det visstnok berre offentleg toalett for dei tilsette, seier ein fortørna turist frå Kongsvinger.
- Som kunde i turistinfoen blir du kontant avvist, og vert fortald at du må finne eit toalett ein annen stad. Vi gjekk dermed på ein kafé og gjorde det vi skulle, og kjøpte middag. Men vi drar frå Voss no, og syns det er upassande at ein ikkje får benytte eit offentleg toalett, seier Lars Stensrud.
Kun for tilsette
Ordførar Bjørn Christensen synest dette er litt pinleg, men må berre beklage at kommunen sitt eige toalett er berre for dei tilsette.
- I Tinghuset har vi eitt enkelt toalett, og vi er nokså mange i Voss kommune som brukar det eine toalettet vi har. Ved å gje tilgang til turistar i tillegg, så trur eg vi måtte ha nokon til å regulere køen.
Innlagde pissepausar er like viktig som mat og søvn for dei aller fleste reisande. Og også vossingane tenkjer på dei trengjande.
Kan pisse på Park Hotell
- Ja, viss dei må reisa utan å gå på do, så er det pinleg. Vi hadde eit hus i sentrum som forsvann i ein budsjettsamanheng for eit par år sidan. Men i dag har vi ein avtale med Park Hotell, at ein kan benytte det store toalettet i kjellaren.
Ordføraren seier seg einig i at Voss snart må få seg eit offentleg toalett.