Hopp til innhold

Får ikkje opna miljøsenter fordi dei har for få parkeringsplassar

LANDÅS (NRK): – Absurd, meiner prosjektleiaren, om at Bergen kommune seier nei til senter for berekraft grunna parkeringsplassmangel.

Liv Karin Lund Thomassen

FRUSTRERT: – Bergen har som mål å bli fossilfri innan tolv år, men stoppar eit senter for berekraft som ikkje har nok parkeringsplassar, seier Liv Karin Lund Thomassen i «Bærekraftige liv på Landås».

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dette blir jo heilt absurd, når Bergen kommune har uttrykt politisk mål om å bli ein fossilfri by med færre bilar, meiner Liv Karin Lund Thomassen.

Ho er prosjektleiar i foreininga «Bærekraftige liv på Landås». Dei driv stiftinga Lystgården, som har planar om å skapa eit senter for berekraft.

Staden er Grieg-familien sitt gamle sommarhus på Landås i Bergen.

Men no har Bergen kommune sett foten ned. Og det som stoppar miljøentusiastane er, paradoksalt nok, mangel på parkeringsplassar.

– Forsamlingslokale må ha eit visst tal parkeringsplassar for å unngå at folk parkerer i gatene i nærleiken. Eit lokale på denne storleiken skal ha åtte parkeringsplassar, seier Mette Svanes, leiar for plan- og bygningsetaten.

Tomta har i dag to parkeringsplassar. Bærekraftige liv har avtale med kyrkja like ved om å låna deira parkeringsplassar. Men kommunen har likevel avslått søknaden om bruksendring.

Utsikt fra vinduet i Lystgården på Landås

LOKAL BEREKRAFT: Organisasjonen i nærmiljøet på Landås har laga parsellhagar utanfor Lystgården. Bakanfor ligg kyrkja der dei kan få låne parkeringsplassar.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Mat- og kultursenter

Huset der Ole Bull for fyrste gong høyrde ein ung Edvard Grieg spela, har sidan 1960-talet vore prestebustad. No er det parsellhage utanfor, som blir brukt av femten ulike dyrkarar.

Avslaget frå kommunen kjem sjølv om det er dei som leiger ut huset til stiftinga. Ifølgje Liv Karin Lund Thomassen har kommunen heile tida vore klar over at intensjonen har vore å etablere eit senter der.

Ho seier dei ønskjer å gjera huset og hagen om til eit mat- og kultursenter, og opna opp for konsertar og kursverksemd. Men grunna usemje om utforming av branntrapp og handikaptoalett, samt for få parkeringsplassar, seier kommunen nei til bruksendringa.

Mette Svanes, plandirektør Bergen kommune

DILEMMA: – Regelverket krev fleire parkeringsplassar, samstundes som kommunen har mål om å bli fossilfri, seier plandirektør Mette Svanes i Bergen kommune.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Kommunen: – Eit dilemma

«Bærekraftige liv» (ekstern lenke), og ideen om det dei kallar «jakten på klimasmarte løsninger i et nabolag», har sidan oppstarten på Landås for ti år sidan spreidd seg til mange stader i landet.

Plan- og byggeleiar Svanes vedgår at det er eit dilemma at regelverket krev fleire parkeringsplassar – i ein by som skal få ned talet på bilar.

– Me må heile tida avvega. I denne saka ser me at fordelane med å gi dispensasjon frå parkeringskravet ikkje heilt klart oppveg ulempene med at naboar kan oppleva auka gateparkering, seier ho.

Byråd for byutvikling, Anna Elisa Tryti (Ap), seier til NRK at ho ikkje vil kommentera saka før ho får ho på sitt bord.

Liv Karin Lund Thomassen i «Bærekraftig liv på Landås»

OPNE ARRANGEMENT: Her inne i Lystgården vil Liv Karin Lund Thomassen invitera mellom anna til konsertar.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Får politisk støtte

Thomassen i Lystgården håpar dei skal få til ei løysing, sjølv om ho er smått sjokkert over avslaget.

– Bergen kommune har jo vedtatt ein grøn strategi om å vera fossilfri innan 2030. Likevel krev dei mange parkeringsplassar for å godkjenna eit prosjekt som dette, konstaterer prosjektleiaren.

Stiftinga Lystgården har no klaga på vedtaket.

– Me gir oss ikkje, og tenkjer dette er mogleg å få til, seier Thomassen.

Og mykje tyder på at ho vil få det som ho vil. Rune Bakervik, gruppeleiar for Ap i bystyret, tok nemleg kontakt med NRK etter at denne saka først blei publisert, for å uttrykke partiet si støtte til Lystgården.

«Vi mener Lystgården er et fantastisk initiativ. Et bærekraftig mat- og kultursenter vil bidra til mer kunnskap om mattradisjoner, bærekraft og skape et spennende fellesskap for bergensere i alle aldre. Saken er ikke kommet til politisk behandling enda, men jeg er sikker på at byrådet vil gå nøye inn i denne saken, og sikre Lysthuset gode rammebetingelser».

Også Miljøpartiet de Grønne har onsdag kontakta NRK for å meddele si støtte til Lystgården.

– Politikarane har større forståing for denne saka enn administrasjonen har, og vil syta for at dette går i orden, seier gruppeleiar Sondre Båtstrand.