Hopp til innhold

Familien slepp gleda laus

– Det er med stor glede vi i dag har motteke melding om at Kjartan Sekkingstad, vår son og bror, er sett fri etter eitt år som gissel hos Abu Sayyaf, skriv familien i ei pressemelding.

Kjartan Sekkingstad

FRI ETTER 361 DAGAR: Etter dei første bileta av Kjartan Sekkingstad som fri mann, vågar familien hans å sleppa gleda laus.

Foto: NICKEE BUTLANGAN / Afp

– Vi er glade for at Kjartan er fri. Samstundes må vi ikkje gløyma at to andre gislar ikkje kom heim i live. Våre tankar går til dei og familiane deira i dag.

– Frigjevinga er eit resultat av mykje arbeid, som mellom anna også inkluderer forhandlingar. Utanriksdepartementet, ambassaden i Manila og andre norske myndigheiter har ikkje vore del i desse forhandlingane, men dei har samarbeidd tett med filippinske og canadiske myndigheiter. Saman har dei lagt ned eit omfattande arbeid for å få Kjartan frigitt og for å hindra at han vart drepen.

I pressemeldinga rettar familien ei særleg takk til politiets krise- og gisselforhandlingsteneste for god omsorg og profesjonell oppfølging av familien i ei vanskeleg og tung tid.

– I tida som kjem ønskjer vi å ivareta Kjartan på best mogleg måte, og vi ber derfor om å ikkje bli kontakta av media i den komande perioden. Vi håpar dette vert respektert, avsluttar familien.