Hopp til innhold

Berre ein av tre vil ha pengar til elbil-lading

Berre 10 av 33 kommunar i Hordaland har søkt om pengar til ladestasjonar for elbil. Miljøpartiet dei grøne meiner kommunane ikkje viser klimaansvar.

Mona Hellesnes

LABER INTERESSE: 10 av 33 kommunar i Hordaland har søkt støtte til å byggje ladestasjonar for elbilar. Mona Hellesnes (B) er nøgd med talet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fristen har gått ut for å søke fylkeskommunen om støtte til å bygge ordinære ladestasjonar for elbilar.

Målet til Fylkeskommunen var å leggje til rette for at folk skal kunne køyre elbilar kring om i kommunane, men så langt har berre 10 av dei 33 kommunane i Hordaland synt interesse.

– Dette er veldig rart

Tom Sverre Tomren

FORUNDRA: Tom Sverre Tomren frå Miljøpartiet dei grøne er overraska over at ikkje fleire kommunar har nytta sjansen til å skaffe seg ladestasjon for elbilar.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Det er for svakt, meiner Tom Sverre Tomren frå Miljøpartiet dei grøne.

– Eg er veldig forundra over dei 23 kommunane som ikkje har søkt. Her har dei hatt moglegheita til å få fullfinansiert ladestasjonar i kommunesentera.

– At kommunane ikkje grip den moglegheita alle som ein tykkjer eg er veldig rart, seier Tomren som meiner kommunane viser at dei ikkje tek ansvar for klimaet.

Det er skilnad på ladepunkt for normallading, og hurtigladepunkt. Denne søknadsrunden gjeld normallading, som er ei langt rimelegare investering enn hurtigladestasjonar.

LES OGSÅ: Uroa over treig elbil-utbygging - Hordaland

Ikkje nok pengar til dei som har søkt

Under kvar tredje kommune i Hordaland har søkt om pengar. Men sjølv om dei fleste kommunane sit på gjerdet, er varaordførar Mona Hellesnes godt fornøgd.

– Eg tykkjer dette viser at her er det vilje til å legge til rette for elbilar.

Sjølv om det er få søkjarar blant kommunane, er det likevel ikkje nok pengar til dei som har sendt inn søknad.

Mona Hellesnes seier dei likevel skal få til å byggje ladestasjonar i dei kommunane som har bedd om støtte.

– Her må me sjå både på nasjonale ordningar, kva me kan gjere regionalt og kva kommunane har behov for og kan bidra med. Eg trur me skal få til dette.

LES OGSÅ: Rekordsal av elbil - Telemark

Desse kommunane har søkt om pengar (tal på ladestasjonar i parentes):

  • Askøy (2)
  • Austrheim (15)
  • Bergen (40)
  • Eidfjord (2)
  • Fitjar (3)
  • Fjell (12)
  • Os (6)
  • Osterøy (2)
  • Vaksdal (8)
  • Øygarden (12)