Hopp til innhold

13.000 elbilar - fire ulike ladeløysingar

Det går treigt med utbygginga av ladestasjonar til elbilane på norske vegar. Ei av årsakene er uvisse rundt dei mange ulike ladeløysingane.

Elbiler

LADING: Bilar av merka Nissan Leaf, Think, Buddy, Mitsubishi i-MiEC og Citron C-Zero står til lading. Fram til no har dei fleste elbilane kunna bruka hurtigladestandarden CHAdeMO, men nokre elbilprodusentar har bestemt seg for å satsa på ein andre standardar.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Stadig fleire nordmenn kjøper elbil. Første halvår i år blei det seld over 3200 elbilar, og det er no. nesten 13.000 elbilar på norske vegar For berre eit og eit halvt år sidan var talet på norskregistrerte elbilar i underkant av 5500.

Ladestasjonar vil måtta tilby minst tre typar hurtigladarar. Det gjer det meir kostbart.

Hans Håvard Kvisle, Norsk Elbilforening

Men sjølv om det blir fleire elbilar på vegane så går utbygginga av hurtigladestasjonar for elbilar rundt om i landet seinare enn det som er ønskeleg.

Norsk Elbilforening kjenner til at fleire operatørar som bygger ut hurtigladestasjonar for elbilar er avventande. Årsaka er at ulike elbilprodusentar har vald ulik standard for hurtiglading til bilane sine.

Fire ulike hurtigladestandardar finst for elbilar i 2013

FIRE LØYSINGAR: I dag er CHAdeMO (oppe til venstre) den vanlegaste elbil-hurtigladaren. Combo (oppe til høgre) kjem fleire stadar i løpet av hausten. På lengre sikt vil også Type 2/ «Mennekes» og Tesla sin ladar komma fleire stadar.

Foto: Norsk Elbilforening

– Ulike standardar er eit problem fordi det forseinkar utbygginga av nye ladestasjonar. Fleire ventar med å bygga til det blir meir avklart kva standard som vinn fram, eller dei ventar på utstyr som støttar fleire standardar, seier styremedlem Hans Håvard Kvisle i Norsk Elbilforening.

– Må tilby minst tre typar hurtigladarar

I Noreg finst det snart tre ulike hurtigladeløysingar for elbilar. To av dei er på plass, medan den tredje kjem om kort tid:

  • CHAdeMO: Ein hurtigladar-type som er basert på JEVS G105. Dette er ei japansk løysing og den har blitt den mest vanlege kontakten. Den blir brukt av mellom anna Nissan Leaf, Mitsubishi i-MiEV og Peugeot iOn. CHAdeMO er basert på likestraumslading (DC).
  • Combo (Combined Charging System): Ein ny standard som amerikansk og europeisk bilindustri samlar seg om, som er utvikla som eit alternativ til japanske CHAdeMO. Dei første bilane som kan bruka denne kjem hausten 2013.
  • Type 2 (VDE-AR-E 2623-2-2): Ei tysk løysing, populært kalla «Mennekes». Denne blir anbefalt brukt i Europa av dei europeiske bilprodusentane si foreining, og vil truleg bli meir og meir vanleg. Type 2 er basert på vekselstraumslading (AC).

I tillegg har Tesla, som snart kjem til Noreg med sin luksus-elbil Model S, sin heilt eigen variant.

Hans Håvard Kvisle

PROBLEM: Hans Håvard Kvisle og dei andre styremedlemmene i Norsk Elbilforening meiner ulike ladestandardar er eit problem.

Foto: (privat)

– Det er til dels ulik teknologi på dei ulike standardane for hurtiglading, slik at ladestasjonar vil måtta tilby minst tre typar hurtigladarar. Det gjer det meir kostbart for utbyggarar, og det at det er fleire ulike typar har ført til uvisse hos dei som investerer i infrastruktur for ladestasjonar, forklarer Hans Håvard Kvisle.

Utsett eit halvt år

Fortaum Markets er ein av operatørane som har roa ned utbyggingstempoet på grunn av uvissa ulike standarar gir.

– Det fører til rolegare framdrift hos oss og me roar utbygginga litt ned. Ein del prosjekt er flytta frå våren til hausten, seier Jan Haugen Ihle, Country manager for Charge & Drive i Fortum Markets.

– Det er kompliserande og fordyrande med to standardar, og uvisse sidan me ikkje heilt veit kor det landar, seier Ihle.

For Fortum Markets kostar det mellom 30.000 og 50.000 ekstra når dei må bygga ladestasjonar med to standardar i staden for ein. Det er utstyrskostnaden som aukar.

Fortum planlegg å bygga lading for minst to standardar CHAdeMO og Combo på sine hurtigladestasjonar i framtida. Dei vurderer å også bygga ei AC-løysing, og det kan i så fall bli endå dyrare å bygga nye hurtigladestasjonar.

– Transnova må bidra

Norsk Elbilforening meiner ein må rekna med at ulike ladestandardar vil vera eit problem i nokre år framover. Dei meiner at forbrukarar likevel ikkje bør venta med å kjøpa seg elbil.

– Me trur dei ulike løysingane vil få den fødselshjelpa som er nødvendig, slik at alle elbilistar får den moglegheita dei treng for å hurtiglada, seier Kvisle.

Det statlege organet Transnova administrerer offentlege tilskot til mellom anna utbygging av hurtigladarar. Dei har ifølgje Norsk Elbilforening ei viktig rolle no som mykje er usikkert.

– Det er viktig at Transnova bidreg til at operatørar og eigarar vågar å satsa no ved at dei får auka tilgang på økonomiske midlar i ei fase der uvissa er til stades, seier Hans Håvard Kvisle i Norsk Elbilforening.

Transnova forstår Norsk Elbilforening si bekymring.

Det kan verka som om nokre operatørar er litt avventande. Me ser at det går litt seint frå me gir tilskot om støtte til ladepunkt blir etablert. Årsaka kan vera uvisse når det gjeld komande standardar og nye bilmerke som kjem på marknaden, seier sjefsingeniør Asbjørn Johnsen i Transnova.

Sjå reportasjen: Kjem du frå Bergen til Stavanger med elbil? (Artikkelen held fram under):

Hvordan går det å kjøre elbil fra Bergen til Stavanger?

SJÅ VIDEO: Vi opplevde 'rekkeviddeangst' frå Bergen til Stavanger.

Lyser ut pengar til nye prosjekt

Sist veke blei det kjent at Transnova lyser ut eit program for støtte til hurtigladar-etableringar. Det er sett av rundt seks millionar kroner i dette programmet.

Tidleg på hausten 2012 var sist Transnova lyste ut midlar til etablering av hurtigladarar. Dei fekk då inn søknadar frå 12 søkarar som ønskte å etablera til saman 45 stasjonar. Det blei gitt støtte til 10 søkarar på 24 ulike stasjonar.

– Det kjem nye bilar og plutseleg er det tre standardar for hurtigladarar i staden for ein slik det har vore fram til no. Gjennom programmet prøver me å legga til rette for mest mogleg smidig overgang, slik at utbyggarar kan tilpassa seg og legga til nye standardar, seier Johansen.

200.000 har vore maksbeløpet operatørar kan søka om til etablering av hurtigladarar, men Transnova vurderer no å auka denne maksgrensa.

– Nye ladarar som gir moglegheit for alle standardane kostar meir og me vurderer difor å auka maksbeløpet ein kan søka om, seier Asbjørn Johansen.