Hopp til innhold

Mur raste ut over skuleveg – fire bustader evakuert

FANA (NRK): Då grunnmuren forsvann i morgontimane, vart fleire familiar evakuert i all hast. De har ikkje fått flytta heim enno.

Flere boliger ble evakuert på Kirkebirkeland i Fana etter at en natursteinmur raste ut. Det er mye nedbør i området.

MUREN VEKKE: Natursteinsmuren under huset har rast vekk, og politiet frykta tidleg at meir ville forsvinna.

Politiet fekk meldinga klokka 7.15 i dag tidleg. Den utrasa natursteinsmuren går like ved ein skuleveg og området blei sperra av.

Politiet valde etter kvart å evakuera eit større bustadkompleks på Kyrkjebyrkjeland.

– Dei har ikkje fått flytta heim, men politiet er ikkje på staden lenger. No er det kommunen som tek over, seier operasjonsleiar Lars Geitle tysdag ettermiddag.

Bratt terreng

Natursteinsmuren skal ifølgje politiet vera stor og fungerer som fundament for bustadhuset.

Det er bratt terreng i området og det regnar kraftig. Politiet fryktar at dei venta nedbørsmengdene vil føra til at større deler av muren rasar ut. Vegen nedanfor er sperra av.

gangsti på Kirkebirkeland evakuert

SKULEVEG: Raset gjekk like ved denne gangvegen på Kirkebirkeland. Vegen er ein mykje nytta skuleveg for born i området.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Det var ein del folk som ikkje respekterte sperringane politiet satte opp, og politiet måtte stå på staden og passa på. No skal vegen vere tilstrekkeleg sperra av.

Mur raste ut

50 millimeter regn på få timar

Det er sendt ut OBS-varsel for heile Vest-, Sør- og Austlandet, og meldt store nedbørsmengder i løpet av tysdag ettermiddag.

Politiet oppmodar folk om å sikre lause gjenstander som trampolinar, stillas, hagemøblar og anna som kan blåse bort.

– Det bles kraftig, og vi har fått fleire meldinger om tre som har blåse over ende, seier operasjonsleiar Geitle.

I dag utvida NVE flaumvarselet til gult nivå fleire stader på Vestlandet.