Ein 31 år gamal inder blei i går funnen død ombord då tankaren var utanfor Dei forente arabiske emirater.
Sender Kripos til Emiratene
Politiet fryktar inderen er blitt drepen, og har sendt ein politiadvokat frå Bergen og fire etterforskarar frå Kripos.
Desse kjem til Emiratene onsdag kveld.
- Vil koma vidare
Arbeidet med å avhøyra mannskapet starta onsdag.
- Me håpar at avhøyra blir avslutta i morgon tidleg slik at me kan koma oss vidare, seier direktør Arne Viste i eigarrederiet Champion shipping.
Ifølgje Bergens Tidende skal den omkomne ha krangla med andre ombord før han blei funnen død.