Hopp til innhold

– Vil kosta oss 280 milliardar å handtera vassmassane

Norske kommunar må gjera gigantinvesteringar i vann- og avløpsanlegg. Innbyggjarane får rekninga.

Flom Kristiansand, Grim

GANGSTI BLEI ELV: Flaumen som ramma Sørlandet i 2017 var definert som ein 200-årsflaum.

Regnvêret på Vestlandet onsdag var det kraftigaste på ti år, men gjorde mindre skade enn venta. For å unngå at ekstremvêr i framtida skal ta liv, krev Norges ingeniør- og teknologorganisasjon (NITO) no store og omfattande investeringar i avløpsnettet.

Utskifting av gamle fellesleidningar til separate leidningar for avløp og overvatn er rekna til å kosta 75 milliardar kroner i perioden 2016-2040, ifølge tal frå Norsk Vann.

– Gebyra må aukast i mange kommunar framover, meiner Toril Hofshagen, direktør i interesseorganisasjonen.

Fryktar bekkar og elvar skal ta liv

Flaumen på Austlandet i 2013 kosta samfunnet rundt ein halv milliard. Kraftig nedbør har også teke også liv. I desember i fjor døydde ei 38 år gamal kvinne i eit jordskred på Osterøy.

NITO fryktar fleire dødsulukker i åra som kjem.

– Rasutsette område og mindre bekkefar som ikkje er kartlagde bekymrar meg. Me har nokså god oversikt over dei store elvane, men dei siste åra har store lokale nedbørsmengder gitt konsekvensar også i mindre vassdrag, seier Kjetil Lein i NITO.

Starefossveien
Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK
Det har vært store nedbørsmengder på kort tid på Vestlandet natt til onsdag og onsdag morgen. Dette har ført til vannintrengning i hus og garasjer, samt flere ras i Hordaland.

– Anlegg må oppgraderast

Bekkeløp og små elvar må kartleggast og underdimensjonerte anlegg oppgraderast, meiner leiaren for dei kommunetilsette ingeniørane i fagforeininga.

Kjetil Lein i NITOs sentralstyre

Kjetil Lein i NITO

Foto: NITO

– Dette er kostbart og blir nedprioritert i kommunane. Staten må på bana, meiner Lein.

Leidningsnettet i Noreg har ein snittalder på 30-35 år, og er dimensjonerte ut frå tidsperioden sin kunnskap om nedbørsprognosar.

– I tillegg må det investerast i ulike typar overvasstiltak, som må finansierast på andre måtar enn over vatn- og avløpsgebyret, seier Hofshagen.

Vil auka forbrukarbetalinga

For å innfri styresmaktene sine krav til kvalitet tryggleik, estimerer Norsk Vann eit investeringsbehov på svimlande 280 milliardar kroner i kommunale vatn- og avløpsanlegg fram til 2040.

Lars Jacob Hiim, statssekretær

Lars Jacob Hiim

Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK

Milliardane skal skytast inn i oppgraderte vassbehandlingsanlegg, avløpsreinseanlegg og i leidningsnett som er tilpassa meir nedbør og større befolkning.

Regjeringa greier for tida ut korleis investeringane skal finansierast, og eitt av forslaga frå Overvannsutvalget er å gi kommunane meir ansvar for infrastruktur.

– Det er føreslått ein pakke med verkemiddel som til saman vil medverka til å oppnå måla om å førebygga skade på bygningar, infrastruktur, helse og miljø, seier statssekretær Lars Jacob Hiim (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Både Norsk Vann og NITO meiner norske forbrukarar må belaga seg på å betala meir.

I dag betalar norske husstandar årleg i snitt 7300 kroner for vatn, avløp og renovasjon, eit beløp Norsk Vann meiner bør opp med fire prosent, eller kring 300 kroner.

– Det er ingen tvil om at det må ei gebyrauke til, supplerer Lein i NITO.

Kommunale avgifter på vann, avløp og renovasjon

Samlet pris for vann, avløp og renovasjon

Tabell en av en
KommuneArbeidsledighet i prosent
Halden10,186
Moss8,055
Sarpsborg7,160
Fredrikstad7,551
Hvaler9,947