NRK Meny
Normal

Mann (33) erkjenner overgrep mot fem barnehagebarn

BERGEN TINGRETT (NRK): Tidlegare barnehageassistent nær å bryte saman då han fekk høyre offer fortelje om overgrepet.

Forsvarar Einar Råen

FORSVARAR 33-ÅRINGEN: Advokat Einar Råen i Bergen tingrett måndag. Hans klient erkjente overgrep mot fem barnehagebarn. Han nekta straffskuld for seksuelle handlingar mot ytterlegare to barn.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Retten vart sett i Bergen tingrett sal 4C like etter klokka 09.30. Den 33 år gamle mannen som er tiltalt i den store overgrepssaka kom til retten i handjern.

Han er kledd i mørke klede og caps og møtte ikkje blikket til nokre av dei pårørande som har møtt opp for å følgje saka.

Mannen er tiltalt for overgrep og seksuelle handlingar mot sju barnehagebarn. Dei mest alvorlege punkta i tiltalen er i straffelova sidestilt med valdtekt, grunna barna sin unge alder. Nokre av gutane har blitt utsett for overgrep gjentekne gonger.

Då dommaren etter kvart leste opp den omfattande tiltalen mot han, pusta tiltalte tungt medan han tok seg til hovudet.

For kvart punkt nikka han og svara svakt "ja" på spørsmål om straffskuld. Han erkjente straffskuld på alle tiltalepunkt, sett bort ifrå dei som handlar om seksuelle handlingar mot to av dei sju barnehagebarna.

Han erkjente også delvis straffskuld for tilknyting med filmar og bilete som seksualiserer barn eller syner seksuelle overgrep mot barn.

Magne Sylta i Bergen tignrett

AKTOR: Statsadvokat Magne Kvamme Sylta skal måndag syne fram video av tilrettelagde avhøyr av barnehagebarna i saka.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Nekta for overgrep i første avhøyr

Då aktor Magne Kvamme Sylta tok ordet for å starte sitt innleiingsforedrag, tok tiltalte nesten til tårene.

Medan aktor fortalde kva som gjorde at tiltalte vart pågripen, la mannen olbogane sine på bordet og hendene på hovudet.

Seint på kvelden torsdag 14. april 2016 fortel ein fire år gamal gut kva han har blitt utsett for i barnehagen han går i. Morgonen etter tek faren kontakt med politiet, som straks rykker til den aktuelle barnehagen og arresterer tiltalte.

Totalt har den tiltalte vore inne til avhøyr med politiet ti gonger.

33-åringen skal i det første avhøyret nekta for overgrep mot den fire år gamle guten, før han seinare erkjenner forholdet når han blir fortalt at politiet skal ransake bustaden hans.

I retten sa aktor først at det var då politiet hadde konfrontert han med kva dei fann, at han tilstod. Forsvarar nekta for dette, og peiker på at ransakinga ikkje skjedde før nokre dagar etter tilståinga.

Barnehageansatt erkjenner overgrep mot flere barn

TIDLEGARE BARNEHAGEASSISTENT: Den tiltalte har vore varetektsfengsla sidan han vart arrestert i april 2016.

Foto: Hommedal, Marit / NTB Scanpix/Faksimile fra Facebook

Tilstod fleire overgrep

Heime hjå mannen finn politiet 450 filmar og over 4000 bilete som tiltale har lasta ned. Det er material som viser seksualisering av barn og syner seksuelle overgrep mot barn

Laurdag 16. april tek dåverande forsvarar Beate Hamre kontakt med politiet igjen. 33-åringen ynskjer å fortelje om fleire overgrep. Søndag 17. april erkjenner han og fortel om overgrep mot ytterlegare fire namngitte barn.

Overgrepa har skjedd medan han var aleine med barna i barnehagane.

– Han er sterkt prega av det han har gjort, men møter i retten for å gi sin forklaring. Dette for å opplyse og avklare saka så godt som mogleg, seier forsvarar Einar Råen.

– Han sa «ikkje sei noko til nokon»

Rettssaka held fram måndag med avspeling av tilrettelagd avhøyr av alle dei sju fornærma barnehagegutane i saka.

Det første avhøyret som vart vist var av den fire år gamle guten som først fortalde om kva som hadde skjedd. Avhøyret er gjort på Barnehuset i Bergen og opptaket viser eit barn som har vanskar med å fortelje kva som har skjedd.

Men i korte augneblink, mellom leik og anna prat, fortel guten korleis tiltale forgreip seg på han då dei var aleine på eit rom i barnehagen.

– Han sa "ikkje sei det til nokon", seier guten til den spesialavhøyraren.

Kun ein meter unna tv-skjermen i tingretten sit tiltalte. Han løftar ikkje blikket ein einaste gong, held hendene sine over hovudet og skjelv kraftig under heile avspelinga av avhøyret. Som mange gongar før i dag, er tiltalte nær å bryte saman.

Det er rekna at tiltalte får starte sin forklaring tidlegast tysdag. For dei mest alvorlege punkta i tiltalen er dei strafferamme på 21 års fengsel.