Ein 33 år gamal mann møter måndag i retten, tiltalt for gjentekne overgrep mot sju barn i to barnehagar i Bergen.
Tiltalen som er tatt ut, er omfattande. Dei mest alvorlege tiltalepunkta omhandlar gjentekne valdtekter og overgrep mot unge gutar i perioden 2013 til 2016.
- Bakgrunn:
Då retten vart sett måndag, erkjente mannen straffskuld for valdtekt, overgrep og seksuelle handlingar mot fem av barnehagebarna. Han nektar straffskuld for seksuelle handlingar mot to barn.
Saka kom som eit sjokk og opprørte både barnehagetilsette og foreldre.
– Dette var ei sak som opprørte alle, og ansvaret som følgde, har vi tatt på største alvor, seier kommunaldirektør Trine Samuelsberg.
RISIKERER LANG STRAFF: Dei mest alvorlege tiltalepunkta har ei strafferamme på 21 års fengsel.
Foto: Hommedal, Marit / NTB Scanpix/Faksimile fra FacebookSkal ha innsyn til alle rom
Bergen kommune har sett i verk fleire tiltak etter overgrepssaka. Mellom anna har 550 tilsette så langt vore inne på kompetansehevingskurs.
– Kurset har vore omfattande og eit tilbod til tilsette i både kommunale og private barnehagar. Her sikrar vi kunnskap for å kjenne igjen, identifisere og avdekke seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar, forklarar Samuelsberg.
I vår fekk ho nok ei alvorleg sak på bordet. I ein barnehage i Bergen fortalde tre søsken om at dei vart utsett for vald i heimen. Det gjekk tre år før styraren gjekk vidare med saka.
Kommunen har også kartlagt alle barnehagebygga sine, med eit spesielt fokus på korleis innsyn er i ulike rom. Målet er å unngå at vaksne kan vere aleine og avskjerma med barn over lengre tid.
– Alle nye barnehagar vi bygger, skal ha mykje høgare grad av innsyn, til dømes med glas i dører og i sidekantar på vegger. Vi har også fått sju millionar kroner i midlar frå staten som vi brukar på å utbetre eksisterande barnehagar, seier Samuelsberg.
STOR STØTTE: I ein av barnehagane der overgrepa skjedde, fekk dei tilsette kort og blomar av foreldra. «Vi står sammen i dette», stod det i eitt av korta.
Foto: John Arnt Nøstdal / NRKTilstod overgrepa i avhøyr
Den tiltalte byrja å jobbe i ulike barnehagar i Bergen frå 2011. Våren 2016 fortel ein fire år gamal gut foreldra sine om kva han hadde blitt utsett for i barnehagen.
Då mannen blei kalla inn til avhøyr med politiet, vedgjekk han overgrep også mot fleire andre barnehagebarn.
– Det er ei alvorleg sak, der nokre av forholda har ei strafferamme på 21 års fengsel. Det er eit alvorleg tillitsbrot som er gjort, seier statsadvokat Magne Kvamme Sylta til NRK.
På vitnelista har han barnehagetilsette og pårørande.
– Dei første dagane i retten vil i stor grad gå med til å spele av opptak av tilrettelagde avhøyr av dei fornærma barna, forklarer Sylta.
AKTOR: Statsadvokat Magne Kvamme Sylta, her i Bergen tingrett i samband med ei anna overgrepssak.
Foto: Jon Bolstad / NRK– Ønskjer å forklara seg
Advokat Einar Råen skal forsvara den tiltalte i Bergen tingrett. Han seier klienten hans er sterkt prega av saka, men at han møter i retten for å gi sin forklaring.
– Dette for å opplyse og avklare saka så godt som mogleg, for både dei pårørande og dei fornærma, seier Råen.
Han legg til at mannen har samarbeida med politiet og forsøkt å bidra til oppklaringa av saka.