Hopp til innhold

– Erik Huseklepp klar for Haugesund

Etter 300 kampar i Brann skal Erik Huseklepp vera svært nær ein overgang til eliteseriekonkurrent Haugesund. – Me ønskjer han lukke til, seier sportssjef i Brann.

Huseklepp

FORLÈT BRANN: Erik Huseklepp skal på det meste vera klar for FK Haugesund.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Ifølgje Haugesunds Avis skal bergensaren ha sagt ja til ein munnleg avtale med FK Haugesund.

NRK erfarar at Haugesund og Huseklepp er samde om ramma for kontrakten, men den skal enno ikkje vera underskriven.

– Ingen kommentar

Den tidlegare Bari-, Portsmouth- og Birmingham-spelaren ville onsdag føremiddag ikkje kommentera om han har vore i forhandlingar med Haugesund.

– Ei avgjerd om framtida mi vil bli teken etter sesongen, sa Huseklepp til BA onsdag.

Etter det Haugesunds Avis veit er Haugesund trygg på at Huseklepp vert FKH-spelar, men ingenting er formelt i orden før kontrakten er signert. Huseklepp skal ha vore i Haugesund og gjort seg kjend med det som etter alt å døma vert hans nye arbeidsgjevar.

Ønskjer Huseklepp lukke til

Huseklepp har berre starta åtte av 27 kampar i eliteserien dette året.

I august blei det klart at Huseklepp var ferdig i Brann . Huseklepp fekk tilbod om ein eittårsavtale med moglegheit for forlenging, men 32-åringen ynskte seg ein lengre kontrakt.

Sportssjef Rune Soltvedt i SK Brann seier han tek atterhald om at det avisene skriv stemmer. Sidan Huseklepp går gratis, har ikkje bergensklubben noko med forhandlingane å gjera.

– Me ønskte å ha han med oss vidare. At han no har vald Haugesund, må me respektera og me ønskjer han lukke til, seier Soltvedt til NRK.

Over 300 kampar

Sidan debuten i 2005 har lysluggen skåra 67 mål på 304 kampar for Brann. Huseklepp var blant klubbens mest populære spelarar då Brann vann seriegull i 2007, og har sidan 2011 notert seg for sju nettkjenningar på 36 landskampar.