Hopp til innhold

Bekymra for helsa til den drapssikta

Forsvararen til 18-åringen som er fengsla i fire veker for seksualdrap er bekymra for helsa til klienten sin.

Bergen fengsel

BERGEN FENGSEL: Her må den drapssikta sitja i varetekt i fire veker.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Advokat Rolf Knudsen

BEKYMRA: Advokat Rolf Knudsen er bekymra for klienten sin.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Den 18 år gamle mannen frå Os blei i går varetektsfengsla med brev- og besøksforbod i fire veker, sikta for drap og valdtekt av 98 år gamle Hilda Feste.

Dei to første vekene må han sitja i full isolasjon.

Er redd for ei forverring

18-åringen blei pågripen tysdag kveld, og var i arresten på politihuset fram til torsdag. No er han plassert i varetekt i Bergen fengsel i Åsane.

– Så langt er han ganske fatta, men eg er sjølvsagt redd for at dette kan endra seg til det verre, seier forsvarar Rolf Knudsen til NRK.

Han vil derfor følgja nøye med på korleis helsetilstanden til klienten utviklar seg frå dag til dag.

– Eg er bekymra for dette, og det blir viktig å følgja med på korleis han reagerer på fengslinga, seier Knudsen.

Fredag blei det kjent at 18-åringen er knytta til åstaden med fingeravtrykk. Men han hevdar sjølv at han umogleg kan ha gjort det han er sikta for.

Les fleire saker om Os-drapet:

Vurderer medforsvarar

Det blir no vurdert om Knudsen skal få med seg ein annan forsvarar, sidan saka er så spesiell og omfattande.

Det er så langt usikkert kor tid politiet skal avhøyra 18-åringen på nytt.