Hopp til innhold

Ein av tre studentar kjenner seg einsame – desse håpar «speed friending» skal kurere det

BERGEN (NRK): Unge finn stadig nye vegar for å stogga einsemda. Professor meiner det er ein feil oppfatning at me er meir einsame.

Speed friending i Bergen

FULLT: Under speed friendinga i Bergen var det nærare 100 frammøtte og fullt i lokalet.

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Ein må jo berre prøva å laga eit inntrykk på dei minuttane ein har og sjå korleis det går, seier Jarle Rambo Sølie.

Han testar eit nytt tilbod for selskapssjuke.

Medan mange har høyrd om «speed dating», er moglegvis «speed friending» noko meir ukjend.

Ein sit langs eit langbord ansikt til ansikt og får fem minutt til å snakke saman, før tida er ute og ein rullerer til neste person. Målet er å bli kjend med nye folk og kanskje få ein ny ven.

Jarle Rambo Sølie på speed friending

SELSKAPSSJUK: Jarle Rambo Sølie held på med ein doktorgrad og kjende seg litt selskapssjuk.

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Det er mange interessante folk her, seier Sølie og ser utover lokalet.

Ein av tre studentar einsame

Dei siste åra har det vore mykje fokus på einsemd, særleg blant unge.

I haust viste Studentens helse- og trivselsundersøking at om lag ein av tre studentar kjenner seg einsame.

Ei løysing kan ifølgje Nordic Vagabonds vera «speed friending».

Organisasjonen har i fleire år prøvd å skapa ulike arenaar der ein kan bli kjend med nye folk.

– Dette var noko me sjølv sakna då me flytta til ny by, fortel gründer Viktor Sanden.

Viktor Sanden frå Nordic vagabonds arrangerer speed friending

STRESSA: Med fulle arrangement i storbyane er det mykje som skal på plass på kort tid for gründer i Nordic Vagabonds, Victor Sanden.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Han har eit hårete mål om å utrydde einsemd. I alle fall håpar han at konseptet kan læra nordmenn å snakka med framande.

– Når du har sete slik ein heil kveld og snakka med 15–20 personar, er det kanskje lettare å ta kontakt med personen i kassa på Rema neste dag.

Han fortel at det er flest i alderen 20 til 40 år som kjem, men at behovet er større.

– Før om lag alle arrangement får me meldingar frå meir vaksne folk som spør om det er aldersgrense, eller om dei kan kome, seier Sanden.

Ingen effekt på einsemd

Filosofiprofessor Lars Fredrik Svendsen ved Universitetet i Bergen har forska på einsemd. Han meiner «speed friending» kan fungera for folk som allereie er sosiale, men som kanskje har flytta til ein ny by der ein ikkje har eit nettverk.

– Men for einsame vil det nok heller berre bli nok ei stadfesting på at ein ikkje får til å gjera ei slik tilknyting til andre, fortel han.

Han meiner det er fint at det er meir openheit rundt temaet einsemd, men minner på at tala har vore stabile i fleire tiår, og at Noreg har nokre av dei lågaste tala for einsemd i verda.

– Det kan sjå ut til at folk trur at fordi me snakkar meir om einsemd, er det blitt meir einsemd. Det stemmer ikkje, seier Svendsen.

Lars Svendsen

STABILE TAL: Filosofiprofessor Lars Fredrik Svendsen ved Universitetet i Bergen seier at det ikkje er meir einsemd sjølv om me snakker meir om det.

Foto: NRK

Suksess

Ei veke etterpå tok me kontakt med Sølie for å høyre korleis det hadde gått.

– Eg fekk ein handfull nye vener på Facebook, og no skal eg ha vorspiel i kveld, fortel han.

Eit kjærastepar frå arrangementet tok initiativ, og no kjem det rundt åtte frå «speed friendinga» på fest.

Eg veit eigentleg ikkje heilt kven som kjem, det heile er litt spontant. Sosialt tilskot i tilværet er det i alle fall blitt.