Hopp til innhold

Ein av tre slit med seinskadar etter kreftbehandling

FLØYEN, BERGEN (NRK): Stadig fleire overlever kreft, men langt frå alle vert friske. – Ingen førebudde meg på korleis det kom til å bli, seier Siri Øystese som etterlyser betre informasjon.

Siri Øystese

FEKK LIVET SNUDD PÅ HOVUDET: Siri Øystese (36) arv ferdigbehandla for livmorhalskreft for fleire år sidan. Framleis slit ho med seinskadar etter behandlinga, og har kutta jobben og planar om vidareutdanning. – Eg prisar meg lukkeleg for familien min som eg framleis er fullstendig avhengig av. Det er ikkje alle som er like heldige.

Foto: Tone Berge / NRK

– Eg var den sosiale jenta som var med på alt. No er sofaen blitt min beste ven, seier Siri Øystese.

For snart fem år sidan var ho ferdigbehandla for gynekologisk kreft. Øystese vart stråla frå underlivet og opp mot brystet, og har framleis store skadar etter behandlinga.

– Det er nokre dagar som er så dårlege at eg berre vert liggande i senga. Det har teke meg lang tid å innrømme for meg sjølv at eg ikkje er den same som før, seier 36-åringen.

Øystese er ein av 250.000 pasientar i Noreg som er ferdigbehandla og har overlevd kreftsjukdom. Likevel slit ein av tre med seinskadar etter behandlinga.

Etterlyser meir informasjon

Øystese kan ikkje bli gravid, har problem med tarmen og må vere forsiktig med mat. I tillegg har ho fatigue, eit symptom som gjer at ho er trøytt stort sett heile tida.

– Det har følgt med ein depresjon også. Livet er ikkje slik ein vil det skal vere, seier Øystese.

36-åringen skulle ønskje ho hadde fått meir informasjon om seinskadar, før kreftbehandlinga var ferdig.

– Eg har ingenting å utsetje på sjølve behandlinga, men dei nemnde verken før eller undervegs at eg kom til å bli steril. Det var heller ingen som førebudde meg på kor tungt det kunne bli å stå opp av senga, seier Øystese.

Geir Vangsnes

PROBLEMATISK: Geir Vangsnes i Kreftforeningen i Hordaland fortel at mange kreftpasientar opplever at dei ikkje vert informert om eventuelle seinskadar som kan kome etter behandling.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Distriktsleiar Geir Vangsnes i Kreftforeningen i Hordaland seier det er mange som har det på same måte.

– Det er stort fokus på å gjere kreftbehandlinga så god som mogleg, men det er lite informasjon undervegs om seinskadar. Difor kjem nok dette overraskande på mange pasientar.

I dag startar Kreftforeningen Krafttak mot kreft 2018, som har fokus på nettopp seinskadar.

– Eit ressursproblem

– Vi skulle gjerne hatt meir tid og fokus på seinskadar, men med dei ressursane vi har må vi prioritere å få folk gjennom behandlinga. Det er eit ressursproblem, seier overlege Marianne Brydøy ved Haukeland universitetssjukehus.

Ho har forska på seinskadar og jobbar til dagleg med stråling av kreftpasientar.

– Legane gjer alt for å unngå skadar. Men det er ein balansegang mellom å ha størst mogleg sjanse for å bli frisk, og å spare mest mogleg av det friske vevet og unngå seinskadar.

– Trur du pasientane får god nok informasjon om kva som kan skje i åra etter behandling?

– Nei, det er nok mange pasientar som seier dei ikkje har vore førebudd på kva som kan skje, seier Brydøy.

Marianne Brydøy er overlege, har forska på seinskader og jobber til dagleg med stråling av kreftpasi

FORBETRINGSPOTENSIAL: Overlege Marianne Brydøy ved Haukeland universitetssjukehus seier kreftpasientane får mykje informasjon om behandlinga dei skal gjennom. – Ein er kanskje mest oppteken av å overleve sjukdommen, og ikkje eventuelle seinskadar.

Foto: Ole-André Lagmanndokk / NRK

Vangsnes i Kreftforeningen trur kreftpasientar kan oppleve seinskadar som eit tabu.

– Mange er takksame for å ha overlevd, og kjenner på at det er feil å begynne å snakke om at dei ikkje er heilt frisk og tilbake til normalen. Difor held nok fleire dette for seg sjølv.

No håpar Øystese at hennar openheit kan vere eit steg i riktig retning.

– Sjølv om vi ser friske ut, så er vi kanskje ikkje det. Det må bli meir forståing og eit betre system for dei som vert ramma av seinskadar.