Hopp til innhold

Éin av tre arbeidsledige er innvandrarar

Andelen innvandrarar mellom dei arbeidsledige er dobla i løpet av dei sju siste åra. – Tidlegare drog dei i større grad heim, no har fleire opparbeida seg trygderettar, forklarar Nav.

Nav i Akersgata i Oslo

FLERE ARBEIDSLEDIGE INNVANDRERE: På landsbasis var det opp mot 20 prosent flere arbeidsledige personer fra Polen og Litauen i 2013 enn året før.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

I 2006 hadde 17 prosent av dei arbeidsleige i Hordaland innvandrarbakgrunn. I fjor var talet 34 prosent, viser statistikk frå Nav Hordaland.

Næringsbarometeret, som blei lagt fram i dag, viser at arbeidsløysa i Hordaland fylke var dalande fram til første halvår 2013, men at trenden snudde til auke i andre halvår 2013.

Artikkelen held fram under biletet.

nav statistikk arbeidsledige innvandrere

DOBLING PÅ SJU ÅR: Talet på arbeidsledige innvandrarar aukar på landsbasis. Andelen innvandrarar blant arbeidsledige i Hordaland er dobla i løpet av dei sju siste åra, viser statistikk fra Nav.

Foto: Nav

Nav reknar med at arbeidsløysa vil auka utover i 2014. Det var i 2013 ein vesentleg auke i talet på ledige med innvandrarbakgrunn, og tendensen var aukande utover i året.

Reknar med fleire ledige i 2014

– Når ledigheita aukar, er det normalt at dei innleigde og innvandrarane går først. Det er mange ufaglærte i denne gruppa, difor merkar me at ledigheita aukar raskare, seier Nav-direktør i Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes.

Næringsbarometeret syner også at næringslivet i fylket har mindre tru på året som kjem enn det dei hadde for eitt år sidan.

Mange har behov for norskopplæring for å koma inn igjen i arbeidslivet.

Nav-direktør Anne Kverneland Bogsnes

– Det er snakk om utflating etter mange gode år. Optimismen er noko mindre, men det vil framleis vera stor etterspurnad etter arbeidskraft, seier Kverneland Bogsnes.

– Me vil ha det godt i 2014, og me ser at det alt vesentleg vil det gå bra for bedriftene også. Me ser at det er noko utflating, men me ser at ledigheita også vil auka, og då er det arbeidsinnvandarar me merkar det på først. Utfordringa er at mange av dei ikkje snakkar norsk, og då er det litt meir krevande å få dei inn igjen i arbeid når dei først kjem i ledigheitskøen, forklarer Kverneland Bogsnes.

– Når arbeidsinnvandrarane må gå først, betyr det at denne prosentdelen vil bli endå høgare i året som kjem?

– Det har me ikkje sett på, men det er klart at det vil kunna skje viss ledigheita aukar slik me har prognosisert.

Fleire med opparbeida trygderettar

Anne Kverneland Bogsnes

MERKAR DET FØRST: Nav-direktør Anne Kverneland Bogsnes seier det ofte er innvandrarane som merkar det først når det er nedgang i arbeidsmarknaden.

Foto: NRK

Nav sin statistikk over arbeidsinnvandarar som er arbeidsledige skil mellom innvandarar frå OECD-land og innvandarar frå ikkje-OECD-land. Dei som kjem frå OECD-land er omfatta av EØS-avtalen, som sikrar fri flyt av arbeidskraft.

Nav-statistikken viser at talet på arbeidsledige har auka både blant arbeidsinnvandarar som kjem frå OECD-land og blant dei som kjem frå land som ikkje er ein del av OECD.

– Innvandarar frå OECD-land reiste tidlegare i større grad heim igjen viss dei blei arbeidsledige. Dette kan skuldast at dei ikkje hadde opparbeida seg trygderettigheiter. I seinare tid har fleire opparbeida seg trygderettar før dei blei ledige og det er noko av det som verkar inn på statistikken, seier strategisk rådgjevar Frode Storvik i Nav Hordaland.

Mange treng norskopplæring

Utviklinga i Hordaland viser igjen også i tal på nasjonalt nivå. Ved utgangen av 2013 var 11 prosent fleire heilt arbeidsledige enn på same tidspunkt året før.

Blant arbeidsinnvandarar frå enkelte europeiske land var auken i arbeidsledige ein god del større, til dømes var 18 prosent fleire heilt arbeidsledige blant arbeidsinnvandrarar frå både Polen og frå Litauen.

Språkopplæring er noko Nav ser på som eit viktig tiltak for å få innvandarar tilbake igjen i arbeid.

– Den obligatoriske grunnopplæringa i norsk ligg til kommunane og utdanningsinstitusjonane. Mange har behov for det for å koma inn igjen i arbeidslivet og for norsktrening i arbeidslivet, seier Kverneland Bognes.