Hopp til innhold

Hevdar cannabisen var til eige bruk

Dei to mennene dyrka cannabisplanter midt i eit bustadfelt i fleire månader. Begge hevdar det var til eige bruk.

Politiets bilde av hasjplante i Bergen

TIL EIGE BRUK: Politiet gjorde beslag i 25 cannabisplanter på ei adresse i Solheimsviken i Bergen måndag kveld. To menn erkjenner straffskuld, men hevdar cannabisen var til eige bruk.

Foto: Politiet

Politi-bilete av hasjplantar

2–3 KILO: Dei 25 cannabisplantene utgjer to til tre kilo med røykbart materiale.

Foto: Politiet

Det var måndag kveld at politiet i Bergen gjekk til aksjon mot ei adresse i Solheimsviken. Inne i leilegheita vart det gjort beslag i 25 cannabisplanter, noko som utgjer to til tre kilo med røykbart materiale.

To menn på 20 og 24 år vart arresterte og sikta for grove narkotikalovbrot. Dagen etter vart ytterlegare ein mann tilhøyrande leilegheita også arrestert. Tysdag var dei i avhøyr med politiet.

– Ein av dei sikta har erkjent straffskuld for den største delen av beslaget, medan den andre personen har erkjent den resterande delen av beslaget, seier Kristine Knutsen-Berge, politiadvokat i Hordaland politidistrikt til NRK.

Dyrka til eige bruk

Den tredje personen erkjenner ikkje straffskuld for noko av cannabisbeslaget. Alle tre vart sett fri av politiet etter avhøyra tysdag.

Knutsen-Berge seier at dei to mennene har forklart at dyrkinga av cannabisplantene har gått føre seg i to til tre månader.

– Ifølge deira forklaring er dette dyrking til eige bruk. Men mengda det er snakk om talar i utgangspunkt mot at det skal vera til eige bruk. Dette er noko som må vurderast.

Ventar på analysar

Vitne på staden har fortalt NRK at politiet sine beslag fylte fire-fem bilar. Bevisa er sendt vidare til Kripos for undersøking.

– Det står ikkje att mykje av etterforskinga. Vi ventar på resultatet av analysar som Kripos har gjort av beslaget. Så må det vurderast om det skal takast ut tiltale eller om saka skal gå som tilståingsdom, forklarar Knutsen-Berge.

Når det gjeld den tredje personen skal politiet vurdere å anten gå vidare med saka eller legga den vekk.

Grove narkotikalovbrot har ei strafferamme på ti års fengsel.

– Men her snakkar ein om det nedre sjiktet av eit grovt narkotikalovbrot, avsluttar politiadvokaten.