Hopp til innhold

Her er hasjplantasjen politiet fann

To menn er sikta for grove narkotikalovbrot etter at ein hasjplantasje blei avdekka i ei leilegheit i Bergen. Politiet leitar også etter ein tredje person dei meiner er involvert.

Politiets bilde av hasjplante i Bergen

PLANTASJE: Dette synet møtte politiet inne i leilegheita i Bergen. I fleire rom var det ein stor mengde plantar. Politiet sine eigne bilete.

Foto: Politiet

Seint i går ettermiddag aksjonerte politiet mot ei leilegheit i Solheimsviken i Bergen. Naboar observerte at mange og store cannabisplanter blei bore ut av leilegheita.

Politi-bilete av hasjplantar

STORT BESLAG: Politiet fann i alt 25 cannabisplanter i leilegheita.

Foto: Politiet

– Me var på adressa etter å ha motteke tips om cannabisdyrking, seier politiadvokat Kristine Knutsen-Berge i Hordaland politidistrikt.

Politiet kunne i går kveld ikkje svara på kor mange cannabisplanter det var snakk om, men har tysdag fått oversikt på beslaget.

– Det er beslaglagt 25 cannabisplanter som rekna om til røykbart materiale så blir det cirka to til tre kilo. I tillegg blei det funne ein del utstyr som er blitt brukt til å dyrka, seier politiadvokaten.

Det blei ikkje funne narkotisk stoff utover plantene som blei beslaglagde.

Leitar etter ein tredje person

To menn på 20 og 24 år blei arresterte i går kveld. Dei er førebels sikta for grov narkotikakriminalitet og blir avhøyrde i føremiddag.

Cannabisplanter funne i leilegheit i Bergen

2-3 KILO: Rekna om til røykbart materiale utgjer plantene som blei funne ifølgje politiet 2-3 kilo.

Foto: Politiet

– Når dei er ferdig avhøyrde vil me ta stilling til om det blir aktuelt med varetekstfengsling eller om dei skal sleppast laus, forklarer politiadvokaten.

– Me meiner at det er ein tredje person også som er involvert som me framleis er på utkikk etter, seier Kristine Knutsen-Berge.

– Kva blir gjort for å finna denne personen?

– Førebels driv etterforskarar med å prøva å komma i kontakt med han på adresser me har som han kan opphalda seg på og på telefon, seier politiadvokaten.

Veit ikkje kor lenge det har pågått

Politiet veit førebels ikkje kor lenge mennene har hatt cannabisplanter i leilegheita i Solheimsviken.

– Saka vil bli etterforska på vanleg måte med at referanseprøvar av plantene blir sendt inn til Kripos for analyse, seier Kristine Knutsen-Berge.

– Ut frå mengda som blei funnen er det grove narkotikalovbrot. Det er ikkje så ofte me avdekkjer hasjplantasjar i Bergen. Det skjer frå tid til annan, men det er ikkje noko me kjem over på kvar veke basis. Kor omfattande saka er står att å sjå ut frå etterforskinga, seier politiadvokaten.

Naboar blei overraska over kor stort funnet av cannabisplanter i leilegheita i Solheimsviken i går såg ut til å vera.

– Det er alvorleg når nokon har ein hasjplantasje midt i eit bustadfelt der det bur barn og alt, uttalte nabo Elisabeth Thommasen til NRK.

Hajsplantasje

AKSJON: Politiet aksjonerte måndag ettermiddag og kveld mot ei leilegheit i Bergen.

Foto: Elisabeth Thomassen