Hopp til innhold

Sette fri etter funn av hasjplantasje

Dei to mennene som blei pågrepne etter funnet av ein hasjplantasje i Bergen i går, blei sette i fri i dag.

Hasjplantasje

PÅGREPNE: To menn i 20-åra blei pågrepne i går. Politiet leita også etter ein tredjemann, som blei funnen i dag.

Foto: Elisabeth Thomassen

Politi-bilete av hasjplantar

25 PLANTAR: Det er ikkje ofte ein finn hasjplantasje i Bergen, fortel politiet.

Foto: Politiet
Politiets bilde av hasjplante i Bergen

HASJPLANTASJE: Dette synet møtte politiet då dei gjekk inn i leilegheita.

Foto: Politiet

Også ein tredjemann, som politiet leita etter i går, er funnen. Han har vore i avhøyr i dag, men blir heller ikkje framstilt for varetekt.

– Vi har vurdert det slik at det ikkje er fare for verken øydlegging av prova eller gjentaking, så difor har vi valt å setje dei fri alle tre, fortel politiadvokat Kristine Knutsen-Berge

25 cannabisplantar

Dei to som blei pågrepne i går blei arrestert i samband funnet av 25 cannabisplantar i ei leilegheit i Solheimsviken i Bergen.

Plantane fylte 4-5 bilar, fortalde vitner på staden til NRK då politiet gjennomsøkte bustaden.

I dag har dei tre vore avhøyr, men Knutsen-Bergen har ikkje vore tilstades i desse.

– Saka vil no blir vidare etterforska, og så vi får sjå kva som blir konklusjonen, seier Knutsen-Bergen til NRK.no.

Grove narkotikalovbrot

Politiet fortel at plantane utgjer mellom to og tre kilo med røykbart materiale.

– Det er ikkje så ofte me avdekkjer hasjplantasjar i Bergen. Ut i frå mengda det er snakk om her er det grove narkotikalovbrot, seier politiadvokaten.

Naboane blei overraska då plantasjen blei funnen midt i nabolaget deira.

– Det er alvorleg når nokon har ein hasjplantasje midt i eit bustadfelt der det bur born og alt, uttalte nabo Elisabeth Thommasen til NRK.