NRK Meny
Normal

Dette er den fyrste norske skuta som har segla rundt Amerika

Totalt 260 segldøgn måtte til på den over 50.000 kilometer lange reisa.

Lady Free er første norske båt som har segla rundt heile Amerika.

LADY FREE: Den førti fot lange seglskuta er ein kopi av ei Colin Archer losskøyte.

Foto: Jan Martin Nordbotten

– Det har vore ein fantastisk tur, seier Jan Martin Nordbotten.

For fyrste gong har nemleg ein norsk båt segla rundt heile det amerikanske kontinentet.

Nordbotten og kona Cecilie Evjen har brukt dei siste to og eit halvt åra ombord på seglbåten Lady Free.

260 døgn totalt vart brukte til segling, mellom anna i verdas farlegaste farvatn.

– Vi har sett utruleg natur, og vi har møtt menneske som lever på veldig mange forskjellige måtar, fortel Nordbotten, som til dagleg jobbar ved Universitetet i Bergen.

Cecilie Evjen og Jan Martin Nordbotten

– FANTASTISK: Cecilie Evjen og Jan Martin Nordbotten har brukt to og eit halvt år på å segle rundt heile det amerikanske kontinentet. – Det har vore ein fantastisk tur, seier dei.

Foto: Magnus Brandseth

Segla gjennom den utfordrande Nordvestpassasjen

Jon Amtrup i Norges Seilforbund bekreftar at Lady Free er den første norske båten som har segla rundt heile Amerika.

– Så vidt eg veit har ingen norske gjort dette tidlegare, og eg har ganske god oversikt, seier han.

I den 40 fot lange båten, som er ein kopi av ei Colin Archer losskøyte, segla ekteparet også gjennom den frykta Nordvestpassasjen.

Berre eit fåtal nordmenn har vore i farvatnet tidlegare.

Valde raskaste vegen heim

Men det var ikkje for å vere bland dei få at Evjen og Nordbotten valde den krevjande passasjen.

– Det var rett og slett den mest praktiske måten å kome seg heim til Noreg på, seier Nordbotten.

Likevel er dei stolte over å ha klart det.

– Det er behageleg å kjenne på i ettertid, vi har meistra noko som er svært utfordrande, seier han.

Frykta tropisk storm

Likevel var ikkje Nordvestpassasjen det mest utfordrande på turen.

Då dei var på veg heim til Noreg, støtte dei nemleg på den tropiske stormen José.

– Den største utfordringa med José var tida før han kom. Vi såg på vêrkarta at han dekte heile området frå Færøyane til Grønland, og det var ingen stader å gøyme seg, fortel Nordbotten.

Dei valde å segla forbi Vestmannaeyjar på Island, og møte stormen på havet.

– Det var på håret, og vi frykta det kunne gå riktig gale, seier han.

Gå til forsiden

Lady Free er fyrste norske båt som har segla rundt heile Amerika

Lady Free er første norske båt som har segla rundt heile Amerika.

Lady Free er fyrste norske båt som har segla rundt heile Amerika

5 bilder

HADDE MED DRONE: På reisa hadde dei mellom anna med drone. Sjå fleire bilete frå turen her.

    – Får tid til å tenke

    I oktober kom dei tilbake til Bergen og kvardagen. Dei fortel at livet på sjøen har vore fint.

    – Ein har tid til å tenke utan stress eller press. Ofte har eg eit interessant problem eg har lyst til å tenke på, seier Nordbotten.

    Kva som skjer vidare, er enno usikkert.

    – Vi må finne ut av kva vi skal gjere med livet på land. Kanskje snur vi på kaia og kjem oss ut att, seier Evjen.

    Siste video

    Programleder: Mariann Reikerås
    programleder Mariann Reikerås
    Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.