Hopp til innhold

Eit tilfeldig besøk avslørte Jens (13) sitt skjulte talent. No lanserer han eigen kolleksjon

BØMLO (NRK): Jens Nesse overraska både seg sjølv og gullsmeden han tilfeldigvis var innom butikken til. No får 13-åringen lønn for gullsmed-talentet sitt.

13 år gamle Jens Nesse overraska gullsmeden med talentet sitt. No har han lansert eigen kolleksjon.

GULLSMEDSPIRE: 13 år gamle Jens Nesse overraska gullsmeden med talentet sitt. No har han lansert eigen kolleksjon.

Tenåringen frå Stord lagar no både ringar og øyrepynt. Til det brukar han mellom anna gamle sølvskeier.

– Først bankar eg til forma på den. Og så brukar eg ein hammar til å laga mønster, forklarer Jens Nesse (13).

Han oppdaga tilfeldig at han hadde eit stort talent innan gullsmedfaget. Det heile starta med at stordabuen var med mora si på butikken Gullsmio på Bømlo i sommar.

13-åring lanserte eigen kolleksjon

SØLV: Desse ringane har Jens Nesse (13) laga av nytt sølv.

Kolleksjonen til 13 år gamle Jens Nesse

KOLLEKSJON: Her er kolleksjonen til 13-åringen, som består av øyredobbar og ringar, og ein heimelaga logo.

Jens Nesse (13) laga ring av skafta på ei skei

SKAFT: Denne ringen har Nesse laga av skaftet på ei skei.

Får lønn

Nesse syntest det gullsmed Astrid Farestveit heldt på med såg kult ut. Då spurde ho om han ikkje ville prøva å laga noko.

– Me fann fort ut at han var litt flinkare enn som så, seier Farestveit.

Ein prøvering imponerte gullsmeden, og blei til endå fleire ringar, før ideen om eigen kolleksjon blei til.

– No har han byrja i løna arbeid fordi at han lagar så mykje fint som me skal selja i butikken, seier Farestveit.

I tillegg til å produsera til kolleksjonen, fortel sjefssmeden at kundar kjem innom butikken og leverer gammalt sølvtøy som 13-åringen lagar om til ringar.

Jens Nesse lanserte eigen gullsmed-kolleksjon

LØNA ARBEID: Jens Nesse får no betalt for arbeidet han gjer i gullsmedbutikken på Bømlo.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

Smelta om konfirmantringen

Etter at Nesse hadde fått laga nokre prøveringar i sølv, fekk han gammalt gull frå mora si til å smelta om. Men det var ikkje kva som helst gammalt gull, men mora sin konfirmantring.

– Det er stas å vita at ein ring eg ikkje brukar lenger, er baka inn i ein ny ring, seier Nina Meldahl Olsen, som ikkje ante at sonen hadde talent for faget.

– Men han har alltid likt å putla på med småting. Eg synest det er flott når ungdommen får prøva seg. Fleire skulle fått høve til å prøva handverk. Ein veit jo ikkje kva som bur i dei, seier ho.

Gullsmio

GODT SAMARBEID: Mora Nina Meldahl Olsen (t.v.) fortel at gullsmedspira og sjefssmeden har blitt gode vener og jobbar godt i lag.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

Gullsmedar i fall

Kvart år blir rundt 35 personar i Noreg utdanna som gullsmedar, ifølge Noregs Gullsmedforbund.

Utdanninga blir tilbydd på vidaregåande skular i Setesdal, Fredrikstad og Oslo. Ragnvald Nore i gullsmedforbundet fortel at bransjen har vore relativt stabil dei siste 20 åra.

– Men talet på gullsmedbutikkar er blitt kraftig redusert dei siste fem-seks åra, seier han.

Ifølge han er om lag 100 butikkar lagt ned på desse åra. Han fortel at nålauga er trongt når det gjeld å få jobb som gullsmed.

– Dei fleste må kombinera det med å driva verkstad i butikkar. Mange vidareutdannar seg òg.

Han er overraska over å høyra om talentet til den unge gullsmedspira frå Stord.