NRK Meny
Normal

Denne norske oppfinninga vekker internasjonal oppsikt

Ei ny norsk oppfinning har vunne WWF sin internasjonale miljøpris. – Dette vil føre til eit meir miljøvennleg verdsfiske. Den globale vinsten kan vere enorm, seier Fredrik Myhre i WWF.

Trålen

VINNARBIDRAGET: Her blir trålen blir testa i tank i Hirtshals. Det er fyrste gong nordmenn vinn den internasjonale miljøkonkurransen.

Foto: Havforskningsinstituttet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

NØGD: – Det har ikkje gått heilt opp for meg enno. Det er veldig stort dette her. WWF på verdsbasis er jo enormt, så at me har vunne denne prisen er veldig kjekt, seier ein av vinnarane, Jostein Saltskår ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Havforskningsinstituttet

Målet med oppfinninga er å hindre fangst av fisk ein ikkje er ute etter, og dumping og overfiske av truga artar. Bidraget gjekk rett til topps i WWF sin prestisjefylte miljøpris, «The international Smart Gear Competition».

– Det har ikkje gått heilt opp for meg enno. Det er veldig stort dette her. WWF på verdsbasis er jo enormt, så at me har vunne denne prisen er veldig kjekt, seier ein av vinnarane, Jostein Saltskår til NRK.

Det er Saltskår, som saman med Bjørnar Isaksen frå Havforskingsinstituttet, og Kurt Hansen ved SINTEF Fiskeri og Havbruk, som har laga bidraget til eit meir miljøvennleg fiske.

Saman har dei utvikla ei «prøvetakingskanon», som gjer det mogleg å sjekke kva som er i fangsten i notfiske.

Vil hindra overfiske

Ein tredjel av heile verdas fiskeri skjer med not. Difor kan den globale gevinsten med denne oppfinninga vere enorm.

Fredrik Myhre, fiskerirådgjevar i WWF

Den internasjonale prisen blei oppretta i 2004 med bakgrunn i at store delar av verdas fiskeri har store utfordringar når det gjeld overfiske og miljøpåverknad, seier Fredrik Myhre, rådgjevar innan fiskeri og havmiljø i WWF.

Ein tredjedel av verdas fiskebestandar er overfiska. I tillegg er det ei stor utfordring at mange fiskarar får andre artar enn dei eigentleg er ute etter når dei fiskar, ifølgje WWF.

Nota er eit fiskereiskap som kan fange fiskestimar på opp mot 1.000 tonn i eitt kast. Dersom fangsten er feil, kan fiskaren vere nøydd til å sleppe fangsten for å ikkje fiske meir enn det som er tillaten kvote.

– Store delar av denne fangsten kan altså vere av uønskt kvalitet og blir då sloppen tilbake i havet. Ofte er denne fisken allereie død eller døyande. Ein tredel av heile verdas fiskeri skjer med not, difor kan den globale gevinsten med denne oppfinninga vere enorm, seier Myhre.

–Vil løyse alvorlege problem

Den sokalla prøvetakingskanonen består av ei trykkluftdrive kanon som skyt ein samanpakka trål ut i fiskenota. Trålen blir deretter dratt tilbake til fartøyet ved hjelp av ein hydraulisk vinsj som sikrar jamn hastigheit. Når trålen bevegar seg, opnar den seg raskt og byrjar å fiske.

Resultatet blir at fiskaren får informasjon om fisken og dermed kan bestemme om fangsten skal sleppast ut før fisken døyr.

– Dette vil løyse store, alvorlege problem, seier Myhre.

(Artikkelen held fram under videoen)

Tek i mot prisen i Washington

Prisen, som blir delt ut av WWF sin komité i Washington DC, er aldri tidlegare vunne av nokon frå Noreg.

– Me er kjempenøgde og stolte av at nokon frå Noreg har vunne denne prisen, seier Myhre.

Saman med dei to andre vinnarane, reiser Saltskår til Washington DC for å ta i mot prisen i desember. I tillegg til heider og æra får dei tre vinnarane ein pengepremie på 200.000 kroner.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.