NRK Meny
Normal

Bonden Anders speler Abba og Grieg for kyrne

TYSNES (NRK): Sambuarparet Anders Dalland og Irene Danielsen sette inn piano i floren for at kyrne skal trivast.

Sambuarparet Anders Dalland og Irene Danielsen gjer alt for at kyrne skal trivast.

SE VIDEO: – Dei tar det dei får og er ikkje så kresne i musikksmaken, seier Anders Dalland.

– I gamle dagar song dei jo for kyrne. Eg trur heilt alvorleg at dette har ein effekt, seier bonde Anders Dalland om det noko utradisjonelle fjøsinventaret på Dalland i Tysnes kommune.

I floren på garden slappar nemleg kyrne av til tonar frå eit støvete gammalt piano. Saman med sambuaren Irene Danielsen er han overtydd om at kyrne deira nyt godt av å høyre musikk.

– Betre kvalitet på kjøtet

Paret meiner musikken gjev kyrne auka trivsel og dermed betre kvalitet på kjøtet.

– Det er fantastisk fint å sjå kor god stemninga vert inne i fjøset. Dyra er rolege og legg merke til at han speler, seier Danielsen, som ikkje sjølv speler piano enno.

Kvar dag sett Anders seg ned ved pianoet og spelar alt ifrå ABBA til Grieg for kyrne.

Kvar dag speler Anders Dalland piano for kyrne sine

AVSLAPPANDE: Anders Dalland er overtydd om at kyrne slappar meir av når han speler.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Gjer alt for dyra

Når NRK er på besøk, speler Dalland mellom anna både Meatloaf sin «I'd Do Anything For Love» og meir tradisjonelle songar som «Mellom Bakkar og Berg».

Trass i at kyrne får høyre svært variert musikk, har dei enno ikkje valt seg ut ein favorittsong.

– Dei tar det dei får. Dei er ikkje så kresne, men dei får høyre mykje forskjellig musikk, smiler Danielsen.

Dalland fortel at garden hadde lege brakk i ti år då paret tok over. Då dei etter kvart valde å satse på vestlandsk fjordfe, bestemte dei seg for å gjere alt dei kunne for at dyra skulle trivast.

Han trur dette er det einaste fjøset i verda som har eige piano.

Irene Danielsen og Anders Dalland er overtydde om at kyrne deira nyt godt av pianomusikk i fjøset

ENGASJERTE: Då Irene Danielsen og Anders Dalland valde å satse på vestlandsk storfe, ville dei gjere alt dei kunne for at dyra skulle trivast.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Danielsen meiner også at dyr har godt av å høyre menneskelege lydar.

– Det er viktig for dei å høyre folk snakke, og lydar som representerer folk. Det er naudsynt for at dyra skal vere rolege og avslappa.

Ho trur dyra har registrert samanhengen mellom musikken dei høyrer og den menneskelege kontakta, og er overtydd om at dyra nyt tonane frå pianoet.

Usikker på innverknaden

Professor i husdyrmiljø ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Knut Egil Bøe, seier dei ikkje har data som seier noko om innverknaden musikk har på dyrevelferda.

Han meiner likevel at pianospelinga kan ha ein indirekte effekt på kyrne.

– Spelinga kan gjere at det vert kjekkare å gå i fjøset og vere saman med dyra. Då vil ein kanskje vere meir til stades og følgje opp dyra, slik at dette indirekte fører til betre levevilkår i fjøset, seier Bøe.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.