Har tetta lekkasjen på DNS i natt: – Vi frykta det verste

Den Nationale Scene blei i går kveld evakuert på grunn av ein vasslekkasje. I dag spelar dei alle sju framsyningar.

DNS

EVAKUERT: Den Nationale Scene i Bergen blei fredag kveld evakuert etter ein større vasslekkasje. Laurdag morgon er skadane reparerte.

Foto: NRK-tipsar

– Klokka halv fire i natt fekk eg melding om at dei hadde funne lekkasjen, og at den var tetta. Det var lykke at dei klarte det, seier teatersjef Agnete Haaland laurdag morgon.

Lekkasjen kom frå eit hovudvassrøyr under betonggolvet på hovudscena. Brannvesenet opplysar til NRK laurdag morgon at mindre materielle verdiar er skadd.

Politiet i Bergen fekk fredag klokka 20.36 melding om vasslekkasjen. Publikum skal ha høyrd brusing før dei fekk beskjed om å forlate teateret.

Ifølgje politiet skal det ha vore snakk om mykje vatn.

Klokka 21.20 melde brannvesenet at vasslekkasjen er stoppa og at dei hadde kontroll på situasjonen.

Første framsyning laurdag morgon

– Vi kan spela alle dagens sju framsyningar i dag som planlagt. Og den første startar allereie klokka elleve, seier Haaland.

Skadane er reparerte, men ho veit førebels ikkje noko om omfanget, eller kor mykje det vil kosta.

Haaland fortel at fleire av dei tilsette var brannvakt på teateret i heile natt.

– Vi frykta det verste. Det freda huset vårt er heilt uerstatteleg. Viss noko hadde skjedd, hadde det vore katastrofe.

Teatersjef Agnete Haaland ved DNS i Bergen

LETTA: Teatersjef Agnete Haaland er takksam for at skadane allereie er reparert. – Mange jobba som heltar i natt.

Foto: Thor Brødreskift / DNS

Publikum velkommen tilbake

Det var mellom 400–500 personar i teateret då evakueringa starta. Fleire som har fortald at dei høyrde vatn som brusa under hovudscenen.

Teaterførestillinga «Å Bergen, Bergen» spela på hovudscenen fredag kveld. Alle gjester og tilsette blei evakuert ut av teateret.

Laurdag er gjestane velkommen tilbake for ny billett, eller pengane tilbake.

– Alle dei som måtte gå heim i går, er velkommen til å få nye billettar i luka i dag. Viss ikkje dei finn billettar til dei dagane dei kan, så får dei pengane tilbake, seier Haaland.