Hopp til innhold

– Venene til Utøya-ofre vart gløymde

Mange ungdomar som mista nære venner på Utøya vart gløymd, meiner forskar. Ei ny doktoravhandling viser at mange har hatt sterkare sorgreaksjonar enn forventa.

Sorg etter terrorangrep, utvika camping søndag

SORG: Ei gruppe sørgande ungdomar tenner lys og legg ned blomar på bryggja ved Utvika camping i juli 2011. – Mange av venene til dei omkomne vart gløymde, meiner forskar.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / Scanpix

– Me hadde venta at dei kom til å bli påverka av tapet. Men me vart kanskje litt overraska over i kor stor grad dei sleit med sorga etterpå, seier Stipendiat Iren Johnsen ved senter for krisepsykologi i Bergen.

I ei fersk doktoravhandling tek Johnsen føre seg korleis dei som mista venene sine på Utøya sørga over tapet.

Meir enn halvparten fortel at dei fekk fråvær frå skule og jobb etter tragedien.

Det har vært veldig vanskelig. Det tok bare veldig lang tid før jeg helt innså at hun var borte.

Ung kvinne, mista nær venninne på Utøya
Iren Johnsen

OVERRASKA: Stipendiat ved Senter for krisepsykologi i Bergen, Iren Johnsen, har forska på korleis ungdomar takla sorga etter å ha mista sine nære vener på Utøya. Resultata overraska henne.

Foto: Senter for krisepsykologi

– Vart ikkje tekne på alvor

I dagane etter 22. juli sidan sat ein nasjon tilbake i kollektivt sjokk.

Etterlatne familiemedlemer sat att i djup sorg. Familiar hadde mist eit born, eit barnebarn, ei søster, ein nevø.

Fleire hundre unge menneske opplevde å mista ein nær ven, venninne eller kjærast på øya i Tyrifjorden. Mange opplevde å bli gløymd, meiner Johnsen.

– Mange av desse opplevde å ikkje bli tekne på alvor. Dei opplevde å ikkje verta inkluderte med ein gong, meiner stipendiaten.

Kartla sorg- og traumereaksjonar

I undersøkinga har 88 personar svart på spørjeskjema. I tillegg er tretten ungdomar intervjua.

Og så mangler den brikka, da, som ikke er familie eller kjæreste, men en annen slags rolle.

ung mann, mista nær venn på Utøya

Nesten førti prosent fekk dårlegare karakterar og presterte dårlegare på arbeid.

Utøya hovedhuset

HOVUDHUSET: Tre personar mista livet sitt ved hovudhuset. For mange som mista sine næraste vener på Utøya har sorgprosessen vore lang og vond. – Nokre har nok opplevd å måtte kjempa for å få hjelp, meiner stipendiat.

Foto: Helge Carlsen / NRK

– Det mest overraskande var kor mykje det påverka dei i kvardagen, og kor sterkt saknet av venen var, seier Johnsen.

Under halvparten fekk hjelp

Stipendiaten fann også kjønnsmessige skilnader. Åtti prosent av jentene hadde psykiske plager etter å ha mista ein nær ven i terroraksjonen. Berre halvparten av gutane, kring førti prosent, oppgav å slita med det same.

Av dei som sleit psykisk sleit nær éin av tre med sjølvmordstankar.

Det vil nok være litt spesielt å dra til et sted nå, som vi også hadde planlagt å reise til.

ung kvinne, mista nær ven på Utøya

Nær sytti prosent av dei spurte venene kjente at dei trong hjelp etter tragedien. Men under halvparten fekk det.

– Nokre har nok opplevd å måtte kjempa meir for å få hjelp. Eg meiner me treng eit betre system for å fanga opp dei venene som slit i stor grad.