Hopp til innhold

«Dark Room»: Far dømd for overgrep mot egne barn

Barnefar (44) får ni år fengsel for valdtekt og overgrep mot sine tre døtrer.

Dark room

STOR ETTERFORSKING: Saka om barnefaren (44) er ein del av operasjon «Dark Room», som vart rulla opp av politiet i Vest politidistrikt.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Dommen falt i Bergen tingrett og er ein del av den mykje omtalte «Dark Room»-etterforskinga.

Mannen (44) er funnen skuldig i valdtekt av si mindreårige dotter. I tillegg er han dømd for å ha delt nakenbilete av ho og ei anna dotter, skriv Bergensavisen.

Han vert også dømd for fleire tilfeller av seksuelle handlingar mot døtrene, i perioden 2013 til 2015. Overgrepa har skjedde heime hjå 44-åringen, i ein av Bergens nabokommunar.

Ifølge Bergens Tidende bad aktor Benedikte Høgseth om 13 års fengsel i sin sluttprosedyre då saka gjekk for tingretten.

Ni år fengsel

Retten finn ingen formildande omstende i saka, men meiner at ni års fengsel er passande straff for mannen. Barnefaren har i retten erkjent å ha misbrukt sine eigne døtrer, fotografert dei og deretter delt bileta med andre på nettet.

«Huset hvor overgrepene ble begått var jentenes hjem … og således et sted hvor de skulle kunne føle fullstendig trygghet», heiter det i dommen.

– Dommen er knusande i forhold til domfelte si truverd og bortforklaringar, seier bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs til BT. Ho representerer dei tre barna og mora i saka.

44-åringen må betale til saman 225.000 kroner i erstatning til sine tre døtre.