Hopp til innhold

Brassbandet går for EM-gull

Eikanger-Bjørsvik musikklag er godt fornøgd med pliktnummeret i går og er klar for ny dyst i Tyskland i dag. No håpar dei på revansje for EM-sølva frå 2014 og 2013.

Eikanger-Bjørsvik musikklag under EM i brass i Freiburg
Foto: Eikanger-Bjørsvik musikklag / Privat

– Første runde med pliktnummer var i går, og vi har ein god følelse. Eg trur vi ligg godt an, seier nestleiar Viggo Bjørge til NRK på telefon frå Freiburg i Tyskland.

Eikanger-Bjørsvik musikklag er på plass i den tyske storbyen for å delta i europameisterskapen i brass, der dei representerer Noreg etter at dei vann NM for fjerde gong på rad i 2014.

I dag skal brassbandet på scena på ny for å framføra eit nytt nummer.

– Nivået er høgt

Eikanger-Bjørsvik Musikklag i EM 2013

REVANSJ: Eikanger-Bjørsvik tok EM-sølv i både 2014 og her i Oslo i 2013.

Foto: Ruth Monfort / NMF

Bjørge seier dei har gode håp for ein god plassering, og at dei kanskje også hamnar heilt på topp.

– Me er veldig fokusert på å gjera ein solid framføring i dag. Då er det fullt mogleg å ta pallen og kanskje til og med toppen. Men det kan gå alle vegar, det er utruleg høgt nivå på mange korps som er med.

Nummeret dei skal framføra i dag omtalar Bjørge som «engasjerande».

- Det er eit stykke som vi trivest med, og som vi trur vil gjera eit forrykande inntrykk på publikum.

Vil ha revansj for sølv i 2014 og 2013

Musikklaget veit å hevde seg internasjonalt. I fjor tok Eikanger-Bjørsvik sølv under EM i Perth, det same gjorde dei under Oslo-EM i 2013.

I år håpar dei på revansj og dermed gå heilt til topps, men det er altså tett i toppen. Bjørge tippar det er kring 5–6 brassband som er med å kjempar.

– I toppen skil det lite. Så det blir utruleg spennande.

Vinnarane vil bli offentleggjort seint laurdag kveld.

Deltek i ungdoms-EM

Også ungdoms-EM blir arrangert i Freiburg denne helga. Det byrjar først i morgon. Her deltek to korps frå Hordaland.

Manger Skulemusikk deltek som vinnar av EM i ungdomsbrassband i Skottland i fjor, medan Søreide og Sandsli skolekorps deltek som vinnar av NM i skulekorps brass i fjor.