Brannvesenet set inn unikt system i kampen mot flammane

BERGEN (NRK): Det er stor fare for brannar over heile Sør-Noreg. I Bergen lanserer brannvesenet eit nytt videosystem for dei som varslar om brannar.

Brannvakta på 110-sentralen Hordaland Bergen brannstasjon

DIREKTEBILETE: Dei som melder frå om brann, kan med det nye systemet sende direktevideo inn her til 110-sentralen i Bergen.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Systemet har allereie vore brukt i ein prøveperiode. Under ein skogbrann i Samnanger tidlegare denne månaden, fekk brannvesenet frå første stund verdifull informasjon med direktebilete frå dei som varsla.

– Å sjå eit bilete har ufatteleg mykje å seie. Vi får mange meldingar der vi må vurdere om vi skal rykke ut. Ofte er det meldingar om røyk og dei meldingane er ikkje lette å vurdere, seier Kim Daniel Haugsvær på 110-sentralen.

Med ein varm og tørr påske bak oss er det stor fare for skogbrann mange stader i Sør-Noreg. Fleire stader har skogbrannar truga bustader, som mellom anna i Sokndal i Rogaland tysdag kveld og i dag ved Roan i Trøndelag.

Nytt system for varsling av branner 110-sentralen Hordaland

FÅR LENKE: 110-sentralen sender ei lenke til dei som melder frå om brann, og via lenka kan meldaren direktestrøyme video frå mobilen sin.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Sender direktevideo til brannvesenet

Det nye systemet til brannvesenet i Bergen gjer dei meir effektive i kampen mot flammane. Systemet fungerer slik:

  • Når ein person ringjer til brannvesenet, kan 110-sentralen sende tilbake ein melding med ei lenkje til meldaren.
  • Trykkjer meldaren på denne og gir programmet tilgang til mobilkameraet, blir levande bilete sendt direkte til skjermar på hovudbrannstasjonen i Bergen.
  • Her sit 110-sentralen og vurderar korleis dei best skal sløkke brannane.

– Systemet betyr mykje. Vi kan ta dei rette grepa før vi har kome fram. Spesielt har det stor betydning når det er lang veg å køyre, seier brannsjef Leif Linde i Bergen.

Skogbranner i Sør Norge

MÅTTE EVAKUERE: Fleire hundre personar måtte evakuere då ein skogbrann truga bustader i Sokndal i Rogaland tysdag kveld og natt til onsdag.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Høg brannfare

I Sokndal vart fleire hundre personar evakuerte, og brannvesenet fekk ikkje kontroll på brannen før godt utpå dagen onsdag. Også Vestfold og Østfold er ramma av skogbrann.

Berre i dag har brannvesenet i Hordaland hatt innsats i Os, Lindås, Kvinnherad og Samnanger.

Brannsjef Linde fortel at brannvesenet nyttar ein indeks for kor høg brannfaren er til kvar ein tid. Er indeksen på 60, tyder det høg brannfare.

– Torsdag syner indeksen 150. Så høg brannfare har eg aldri opplevd før i april månad, slår Linde fast.

Nettopp på grunn av den høge brannfaren, rullar brannvesenet ut det nye verktøyet sitt no.

– Korleis kunne dette verktøyet vore brukt i Rogaland i går?

– I så store brannar utviklar det seg fleire brannar samtidig. Då kan publikum strøyme og vise oss i innsatsleiinga kor brannane er og kor stor dei er. Det er vesentleg at vi ikkje tømmer alle ressursane på ein stad, svara Linde.

Brannsjef Leif Linde i Bergen brannvesen

BRANNSJEF: Leif Linde i Bergen brannvesen håpar at systemet kan nyttast av fleire brannvesen i Noreg.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Unikt system

Verktøyet er utvikla over to år saman med teknologibedrifta Incendium i Danmark.

I staden for ein app som folk må laste ned, har dei kome med lenkjeløysinga som skal fungere på alle moderne smarttelefonar.

Linde meiner at dette kan vere ein revolusjon for brannvesenet, og håpar at fleire branndistrikt vil nytte seg av løysinga.

– Så vidt eg veit er det ingen som har eit så effektivt system som dette, avsluttar brannsjefen i Bergen.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon