Hopp til innhold

Strømsgodset knuste Brann sin medaljedraum

DRAMMEN (NRK): Brann seinka av gamal kjenning og sleivtreff. Strømsgodset tok sin åttande siger på rad.

Eliteserien fotball: Strømsgodset-Brann.

DEPPAR: Stopparkjempa Vito Wormgoor ligg at på graset etter at Marcus Pedersen (t.h) har banka ballen i mål.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Det vart til slutt 2–1 til Strømsgodset etter ein fartsfylt kamp på Marienlyst stadion.

Marcus Pedersen og Eirik Ulland Andersen skåra for Godset i kvar sin omgang, medan Deyver Vega reduserte for Brann ti minutt før slutt.

Trass stort press frå bortelaget, klarte aldri Brann å få dei to måla som skulle til for å halde liv i medaljehåpet.

Åtte sigrar på rad

– Dei var betre enn oss i starten av kampen. Vi blir jagande og det er liv i kampen heile vegen. Men det er ikkje ufortent at Strømsgodset vinn, seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen til NRK etter kampen.

For Godset sin del er det framleis håp om både medalje og europacup. Blåtrøyene står no med råsterke åtte sigrar på rad.

– Det var ein jamn kamp med ei fantastisk ramme. Vi har alt å spela for neste helg med tanke på medalje og europaspel, seier Godset-trenar Tor Ole Skullerud.

Slik var kampen:

Laster innhold, vennligst vent..

Klinte til frå start

Strømsgodset pangopna det viktige oppgjeret på Marienlyst stadion søndag kveld, og var i leiinga etter berre tre minutt.

Marcus Pedersen fekk kontroll på ballen og banka den i mål frå knappe elleve meter. Pedersen feira med å hysje mot gamlefansen.

Brann skulle likevel reise seg etter sjokkopninga. Nærast kom dei då eit innlegg frå høgrekanten gjekk forbi alle og spratt i lengste stolpe etter ti minutt.

Utruleg nok stod det likevel berre 1–0 til pause etter ein underhaldande første omgang.

Eliteserien fotball: Strømsgodset-Brann.

SLEIV: Godset jublar etter at Eirik Ulland Andersen har auka leiinga til 2–0.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sleivtreff og dårleg forsvar

I andre omgang auka Strømsgodset leiinga ved Eirik Ulland Andersen.

Det var langt frå verdas reinaste treff på ballen, men den dala likevel ned i lengste hjørnet bak Leciejewski i Brann-målet.

Brann svara umiddelbart. Dårleg forsvarsspel frå Godset gjorde at Deyver Vega kunne banke inn reduseringa berre ti minutt før slutt.

Eliteserien fotball: Strømsgodset-Brann. Deyver Vega

UTLIKNA: Deyver Vega sørga for spenning på slutten då han reduserte til 2–1.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Farvel til medalje og Europa for Brann

I medaljekampen gjorde Molde jobben borte mot Lillestrøm, og dermed blir det ikkje noko edelt metall på bergensarane i år.

Med fire poeng opp til tredjeplass og berre ein kamp igjen å spela blir det umogleg for dei å gjenta fjorårets medaljebragd.

Brann avsluttar sesongen heime mot Tromsø neste helg, men kjem uansett til å enda på 5.-plass i årets eliteserie.

Det betyr også at draumen om spel i Europa neste sesong er knust.

– Når vi er så nære, så er det ein nedtur i dag, seier Brann-trenar Nilsen.

Spennande avslutning

For Strømsgodset sin del er spaninga på topp før siste serierunde.

Klubben har like mange poeng som Sarpsborg 08 som no ligg på bronseplass, men Godset har dårlegare målforskjell.

Begge laga har tre poeng opp til Molde på sølvplass. Sarpsborg 08 skal møta moldensarane til ein avgjerande medaljekamp i siste serierunde neste helg.

Laster innhold, vennligst vent..