Det er også sett iverk tiltak for å hindra at born kjem i kontakt med fugleekskrement.
Seint i går kveld sendte Bergen kommune ut informasjon om at alle sandkassar i barnehagane skal reinskast for ekskrement.
Ber vaksne passa på
Kommunen ber no dei vaksne om å passa på at borna ikkje matar fuglane.
Hans-Carl Tveit (Foto: Venstre)
- Ein skal vera forsiktig med dette, og det har noko med å prøva å endra haldningar, seier byråd for oppvekst, Hans-Carl Tveit.
«Føre-var»-prinsipp
Det er endå ikkje påvist fugleinfluensa i Noreg. Likevel blir det no sett iverk tiltak retta mot born og unge.
- Det handlar om å vera føre var, meiner oppvekstbyråden.