Hopp til innhold

Blodprøvetjuveri ferdig etterforska

Tjuveriet av ein blodprøve etter helikopterstyrten i Røldal i fjor er no ferdig etterforska.

Helikotperulukke

STYRTA MED FEM OM BORD: Halepartiet til helikopteret som styrta ved Røldal skisenter i fjor vart riven av i styrten. Alle dei fem personane i helikopteret overlevde.

Foto: Egil Torheim

Kort tid etter helikopterulukka 27. april i 2013 vart det tatt ei blodprøve av piloten som førte helikopteret. Men den viktige blodprøven etter helikopterstyrten forsvann plutseleg frå det lokale lensmannskontoret.

Etterforskinga av havariet i april, som piloten og alle fire passasjerane kom uskadd frå, går føre seg framleis, fordi politiet ventar på promillemistenkte piloten som ikkje ønskjer å bli avhøyrt på nytt.

Ferdig etterforska

Både Kvinnherad lensmannskontor og spesialeininga for politisaker har prøvd å klarlegge kva som har skjedd med blodprøven til den promillemistenkte piloten.

No er saka om blodprøva som forsvann frå Odda lensmannskontor ulukkeshelga, ferdig etterforska.

Spesialeininga har i tillegg etterforska om nokon i politiet kan bli haldne strafferettsleg ansvarleg for at blodprøven forsvann.

Har sikra DNA-spor

Ellen Eikeseth Mjøs, som leiar etterforskningsavdeling Vest-Norge, vil ikkje seie kva etterforskinga viste før sjefen for Spesialeininga fattar den endelege påtaleavgjerda i saka.

Men ho seier at dei har sikra DNA-spor og fingeravtrykk, og avhøyrt piloten, hans kollega og ei rekke polititenestemenn.

Heller ikkje etterforskingsleiar Sigurd Børve i Kvinnherad vil kommentere kva som blir hans konklusjon om den forsvunne blodprøven.

Børve seier at sjølve ulukkesetterforskinga blir avslutta når luftfartstilsynet har gitt sin kommentar, og når piloten eventuelt har forklart seg på nytt.