Hopp til innhold

Fonnafly startar eiga gransking etter helikopterstyrt

– Uansett årsak til ulykka så redda truleg piloten livet til dei ombord ved å gjennomføra ei framifrå naudlanding, seier dagleg leiar i Fonnafly.

Kva som er årsaka til at eit helikopter med fem personar ombord laurdag styrta like ved Røldal Skisenter, er enno ikkje kjent.

NRK.no prøvde måndag å kome i kontakt med piloten, men dagleg leiar i Fonnafly A/S, Sverre Underbakke, seier dei skjermar han frå all kontakt med media. Piloten er sjukmeld og ute av teneste.

– Dette er ei veldig tøff belastning for han. Vi ønskjer ikkje at han uttalar seg om dette no, seier Underbakke.

Politiet sa laurdag at dei mistenkjer at piloten hadde promille. Underbakke seier han avventar resultatet før han vil snakka om promillemistanken.

– Eg ønskjer ikkje å sei noko om piloten no bortsett frå at han er ein dyktig, erfaren pilot. Vi skjermar han til dette er avklart, seier Underbakke.

Avventar svar på promilletest

– Det er mistanke om at han var påvirka, men av kva veit vi endå ikkje. Det er rutinemessig tatt alkotest av han. På bakgrunn av den fann vi grunn til å ta blodprøvar òg.

Det sa operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Ronny Lenthfør, like etter havariet.

Når svaret på testane er klart, er førebels ukjent. Ifølgje Hardanger Lensmannsdistrikt skjer det tidlegast denne veka.

– Kan aldri sikrast mot uhell

Helikoterstyrt i Røldal

HELIKOPTERSTYRT i RØLDAL: Fonnafly AS, eigar av ulykkeshelikopteret, ventar no spent på resultatet av promilletesten av piloten.

Foto: Svela, Elling / NTB scanpix

– Det at helikopteret styrta er svært leit. Vi jobbar heile tida for at slikt ikkje skal skje. Samtidig veit vi at all transport inneber ein viss risiko, legg han til.

Underbakke ønskjer på vegne av piloten ikkje å uttala seg om promilletestinga før resultatet er klart.

– Eg har registrert at det er mistanke om promille. Det er berre ein mistanke og ingenting er avklart. Fram til vi får svar på promilletesten er ikkje dette noko eg kan ta stilling til, seier Underbakke.

Redda truleg livet til dei ombord

Ein passasjer i ulykkesfartøyet sa søndag til NRK.no at piloten truleg redda livet til dei ombord etter at uhellet var eit faktum. Det er Underbakke einig i.

– Kva tenkjer du om piloten sin innsats under naudlandinga?

– Etter at skaden alt var skjedd og helikopteret var på veg ned, gjorde piloten ein framifrå jobb som truleg redda livet til dei ombord.

Fonnafly A/S har starta eiga gransking

Ifølgje Underbakke har selskapet nulltoleranse på alkohol for sine pilotar. Dei har starta ei eiga rutinegransking for å få svar på kva som skjedde då helikopteret var i lufta like over Røldal Skisenter laurdag.

Les òg: