Hopp til innhold

Blir igjen for å hjelpe

Norske styremakter ber nordmenn i Japan venda heim, og åtvarer mot å reisa til landet. Misjonær Anniken Mori (61) frå Bergen opnar dørene til kyrkja, og blir.

INN Alle seks reaktorane ved atomkraftverket i Fukushima skal no ha store vanskar.
Foto: KYODO / Reuters

61-åringen frå Bergen har budd og misjonært i Japan i over tretti år. Etter jordskjelvet og den påfølgande tsunamien, er landet kasta inn i ei krise ho knapt har opplevd maken til.

Men reise heim, nei, det vil ho ikkje. I staden har Anniken Steineger Mori opna kyrkja, der omlag 15 person no har søkt tilflukt.

Byen Iwaki, der Mori bur saman med mannen og dottera, ligg i Fukushima fylke og er berre 4 mil unna atomkraftverket der fleire reaktorar no skal vera ute av kontroll.

Les ogs: – Erklærer atomkrise

– Hjelper ikkje å flykta i panikk

–Ein liten familie kom innom, nærast desperate etter å koma seg vekk av frykt for radioaktive utslepp og stråling. Eg sa til dei at det verken er muleg å koma seg fram langs vegane, butikkane er stengde og det finst ikkje bensin å få kjøpt. Kor langt ville dei ha kome, spørs Mori seg.

No bur den vesle familien på tre, eit ektepar og ei dotter på eitt år, i kyrkja som Mori er med og driv.

– I tillegg er det kaldt, og det skal bli minusgrader alt no til natta. Dei kunne risikert å frysa i hel langs vegen, utan mat, drivstoff eller kjenningar å ta inn hos, heldt ho fram.

– Kor ille må det blir før du dreg då?

- Det veit eg ikkje. Men eg forstår jo at turistar og forretningsfolk vil ut, dei har jo ikkje same tilknytning som eg, seier ho.

– Det ho gjer er prisverdig

Det seier Roar Førland, dagleg leiar i Evangelisk Orientmisjon, som har Anniken som sin misjonærutsending i Japan. Og legg til:

– Men no ønskjer me å tilby henne heimreise, slik som situasjonen utviklar seg. Men det er eg usikker på om ho veit sjølv ennå, legg han til.

Sjølv er Mori førebels ikkje i tvil om kvar ho høyrer til:

– I kyrkja har vi god plass til fleire, vi har mat og vatn. Dessutan, samhaldet gjer oss mindre redde.

Les også: Arbeiderar blir igjen i kraftverket

Men er du ikkje redd for radioaktiv stråling?

– Det er klart, men inntil vidare skal det ifølgje japanske styremakter ikkje vera så ille her vi er. Vinden tar med seg strålinga ut mot havet, og vi følgjer råda vi får.

– Kva slags råd er det?

Vi held oss innandørs for det meste, og dekkar oss til som best vi kan med klede og masker når vi går ut. Personleg er vi heldige, huset vårt er intakt. Det verste er uansett dei som er litt lenger nord for oss, der kan dei fleste ikkje følgja regjeringa sine råd om å halda seg inne, ettersom husa deira i stor grad er jamna med jorda.