Hopp til innhold

Bilistar rasande på Vegvesenet etter kaos i morgonrushet

Eit nytt trafikklys skapte frustrasjon og sinne i morgonrushet på Sotra. – Eg fekk heilt sjokk, seier illsint bilist. Vegvesenet er derimot strålande nøgd.

Rv 555 lyskryss

I DRIFT: Biletet er tatt under testing av signalanlegget i Valenkrysset tysdag.

Foto: Erling Matthiessen / Statens vegvesen

– Vi som bur i området ved gamlevegen og som må køyre ut ved Valen har no stått i kø frå Liljevatnet skule. Normalt sett er det 3–4 bilar der, men no står vi heilt ned i Arefjordsbakken, sa Stine Waagsbø Lillebø til NRK onsdag morgon.

Trafikktelefonen til NRK Hordaland stod ikkje stille onsdag morgon, då eit heilt nytt trafikklys vart sett i drift i Valenkrysset på riksveg 555.

Skulle gje betre flyt

Krysset i Skjergardsvegen/Arefjordvegen er eitt av dei kritiske punkta i rushtida om morgonen og om ettermiddagen på riksveg 555. Bilistar som skal ut og inn i krysset sperrar for trafikken på riksvegen.

Målet med lysregulering er betre flyt, men bilistane som skulle inn på riksveg 555 meiner dei i dag møtte lengre køar enn før.

– Eg bur på Valen og eg fekk heilt sjokk då eg kom opp i vegen. Køen stod heilt nedover mot gamlevegen til Sartor, og eg ser ikkje enden på den, seier Eivind Magne Hovden som var ein av fleire som kontakta NRK i frustrasjon i dag tidleg.

– Ikkje den store dramatikken

Statens vegvesen er derimot nøgd med resultatet i dag. Dei har fått beskjed frå politiet at trafikken har glidd betre på riksveg 555 enn normalt.

– Det er lenge sidan det har vore så lite kø som i dag, seier sjefingeniør i Statens vegvesen, Trond Karlsen.

Men han bekreftar at det var lengre kø for bilistane som kom frå Valen og skulle inn på riksvegen.

– Dette er ikkje den store dramatikken. Det er seks til åtte minutt ventetid i morgonrushet, medan dei som køyrer på riksvegen bruker minst lika mykje ekstra tid i kø dei og. Ein prøve difor no å fordela byrdene, seier Karlsen.

– Eg brukte ti minutt på ein køyrelengde på maks 100 meter. Sånn som ting var i dag var ein katastrofe, meiner derimot bilist Hovden.

Valenkrysset