Med høg fart og for mange passasjerar brasa bilen inn i fjellveggen

Ulukkeskommisjonen kopla inn etter at seks unge menn kolliderte i undersjøisk tunnel. Tre er innlagt med alvorlege skader.

Bil med seks personar kolliderte i Halsnøytunnelen

HØG FART: Politiet trur bilen hadde stor fart då han trefte fjellveggen. Seks personar, tre alvorleg, blei skadde i kollisjonen.

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

Klokka 00.10 natt til fredag fekk politiet melding om ei bilulukke i den undersjøiske Halsnøytunnelen.

Seks personar sat i personbilen då ulukka skjedde. Fem av dei involverte blei frakta til Haukeland sjukehus med helikopter, medan éin person blei køyrd til sjukehus på Stord, etter ulukka.

Tre alvorleg skadde

Politiet uttalte først at minst éin person er rekna som alvorleg skadd.

Fredag morgon opplyser Helse Bergen i ei pressemelding at helsetilstanden til tre av dei involverte er rekna som alvorleg. Tre andre er lettare skadde.

Dei tre alvorleg skadde er 19 og 20 år gamle. Tre menn på 19, 20 og 22 år har lettare skader. Alle seks er menn og heimebuande i Kvinnherad.

– Det har vore ein ganske kraftig kollisjon med fjellveggen. Ein av dei involverte var medvitslaus då naudetatane kom fram, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Truleg snakk om høg fart

Bilen, ein personbil godkjent for fem personar, var på veg frå Halsnøy til fastlandet då ulukka skjedde.

Fartsgrensa i den 4,1 kilometer lange tunnelen er 80 kilometer i timen. Operasjonsleiar Lars Geitle sa til NRK fredag morgon at politiet meiner bilen hadde høg fart då han trefte fjellveggen.

– Det er ingenting som tyder på at det har gått seinare enn det, men det er for tidleg å slå fast noko enno.

Lensmann i Kvinnherad, Sigurd Børve, vil ikkje slå fast at bilen har hatt for høg fart.

– Me kan berre konstatera at bilen på ein eller annan måte har kome ut av kontroll og treft fjellveggen, med det skadefylgjene det har medført.

Ber ulukkeskommisjonen om hjelp

Politiet har gjort tekniske undersøkingar i tunnelen i natt, men ber no Statens vegvesen sin ulukkeskommisjon om bistand i samband med dei tekniske undersøkingar av køyretøyet.

Tor Kallmyr og Sigurd Børve

LENSMANN: Sigurd Børve, lensmann i Kvinnherad.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Kommisjonen vert som regel kalla ut i samband med dødsulukker. Lensmannen meiner dei spesielle forholda ved tunnelulukka gjer det naturleg å be om hjelp.

– Det er både på bakgrunn av alderen på dei involverte, talet på passasjerar og at det er i ein tunnel som har ei vore prega av ei rekke ulukker dei siste åra, seier Børve.

Halsnøytunnelen på fylkesveg 544 er ein undersjøisk tunnel som går mellom Sunde på fastlandet og Sæbøvik på Halsnøy.

Laster kart, vennligst vent...

ULUKKE: Ulukka skjedde i Halsnøytunnelen sør i Kvinnherad kommune i Hordaland.