Hopp til innhold

– Endeleg ei jakke som toler Bergen!

Etter over 20 år i dei gamle skinnjakkene, fekk Bergenspolitiet nye uniformer denne veka

Politiets nye uniformer

SYNLEG: – I tillegg til å vera meir vêrbestandige, er dei nye uniformene meir synlege og har betre refleksar, seier politioverbetjent Bengt Angell.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Det var på tide å få vekk skinnjakkene. Dei nye jakkene kan tola ein slik juni-månad som me har hatt i år, seier politioverbetjent Bengt Angell.

NRK møtte han og politioverbetjent Anette Rekdal då dei testa dei nye uniformene som dei fekk denne veka. Oslopolitiet fekk dei først, men behovet har vore vel så stort i vest.

– Skinnjakka er kul og fin den, men spesielt i Bergen kor me har mykje stygt vêr, så er det ei dårleg eigna jakke, seier Bengt Angell.

Behageleg på jobb

– Den gamle jakka har vore tung og klumsete å jobba i, og me blei våte og kalde. Den var lite eigna, spesielt i vestlandsvêr, fortel ei nøgd Anette Rekdal.

Ho og Angell gler seg over dei nye uniformene, som kjem i tre deler som kan kombinerast:

  • Ei skaljakke som toler mykje regn
  • Ei softshell-jakke til dei varmare dagane
  • Ei isolasjonsjakke som kan bli brukt under dei andre i kulden.

– No skal alle tenestemenn bli tørre og ha det behageleg på jobb, seier Angell.

Angell og Rekdal er ikkje redde for å bli mindre synlege i bybildet, for dei nye jakkene har framleis den karakteristiske politi-utsjånaden. Dei har dessutan endå meir refleks.

– Me har «sjakk-refleks» i front, på hendene og på ryggen, så dei nye uniformene vil vera minst like synleg som dei gamle, seier Angell.

Politioverbetjentar i nye jakker

BETRE RUSTA; Politioverbetjentane Anette Rekdal og Bengt Angell meiner at dei nye uniformene er betre rusta for vestlandsvêr.

Foto: Mette Anthun / NRK

Toppkarakter frå motepolitiet

No blir dei gamle jakkene samla inn og destruert, sånn at dei ikkje skal flyta rundt på marknaden. Destrueringa har verken politioverbetjentane eller «motepolitiet» noko imot.

Då Oslo-politiet fekk delt ut dei nye uniformene i mai, blei det toppkarakter frå moteredaktøren i bladet KK, som omtalte uniformene som reine og funksjonelle.

– Dei er nøytrale og tidlause, samstundes som dei er autoritære, sa Stine Therese Strand den gongen.

Dei bergenske politibetjentane seier seg einige i at uniformene står til toppkarakter, og håper å få testa ut meir enn berre skaljakka i sommar.

– No satsar me på finvêr resten av sommaren, sånn at me også kan bruka softshell-jakka, seier Anette Rekdal.

Moteredaktør i KK

LIKER DET: Stine Therese Strand i KK gir dei nye uniformene toppkarakter.

Foto: Jorunn Hatling