Bergensbanen 900 timar forseinka

Dårlege vêrforhold og ras gjorde at vi venta lenge på toget i fjor.

Jernbanestasjonen i Bergen

FORSEINKA: Bergensbanen var 904 timar forseinka i 2013. Ein må tilbake til 2011 for å finne liknande tal.

Foto: Sølve Rydland
Lars Christian Stendal

- FLEIRE ÅRSAKER: Det forklarar strategidirektør Lars Christian Stendal i Jernbaneverket.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Toga på Bergensbanen var 904,7 timar forseinka i fjor, det skriv Vest24.no. Tala, som er henta inn frå Statistisk sentralbyrå, omfattar strekninga mellom Bergen og Hønefoss.

Det betyr at vi venta meir på toget 2013 enn vi gjorde i 2012. Ein må tilbake til 2011 for å finna liknande tal for Bergensbanen, då toga på strekninga var forseinka med totalt 914 timar.

Strategidirektør Lars Christian Stendal i Jernbaneverket seier det er fleire årsaker til forseinkingane i fjor.

– Det kan vera tekniske feil, signalanlegg som står i raudt og straumforsyningar som sviktar. Men den største utfordringa vår er været, seier Stendal til NRK.

Ras stengde Bergensbanen i ei veke

Ras Mjølfjell grunnarbeid

RAS: Jernbaneverket i arbeid på Mjølfjell i oktober i fjor. Bergensbanen var stengt i ei veke på grunn av eit jordras som tok med seg heile jernbanesporet.

Foto: Karl Morten Undal / Jernbaneverket

Han seier Bergensbanen køyrer gjennom eit fantastisk området, men at strekningen er forferdeleg i forhold til klima.

– Og strekninga er utruleg utsett for ras, snøskred og elles mykje nedbør. Alt dette bidreg til at banen nokre gonger må stenge.

Kanskje den største hendinga i fjor var raset ved Mjølfjell 6. oktober. Jord og steinar tok med seg heile sporet og Bergensbanen kunne ikkje opna på strekningen igjen før ei veke seinare.

– Vi følgjer heile tida med på været og føler vi at situasjonen ikkje er under kontroll så vil vi heller ha forseinkingar enn store ulukker med tog, seier Stendal.

Ligg betre an i år

Jernbaneverket har som ambisjon at 90 prosent av all trafikk skal vera i rute innanfor fem minutt ved framkomst på endestasjonen. På Bergensbanen ligg ein på omtrent seks minutt.

– Vi innrømmer at det er for dårleg. Det er noko vi jobbar med og vi gjer vedlikehald for å betra situasjonen. I 2022 får vi nytt signalanlegg og då vil mange av forseinkinga bli borte.

I år ligg Jernbaneverket betre an enn dei gjorde i fjor i talet på forseinkingstimar.

– Held det fram slik som det har vore i år får vi ein liten reduksjon samanlikna med 2013.

Strekninga som hadde flest forseinkingstimar i 2013 var Dovrebanen. Deretter kjem Sørlandsbanen med Bergensbanen på tredjeplass, syner statistikken frå SSB.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.