Hopp til innhold

Bergensarane kastar langt mindre

I Bergen betaler ein berre for ei bosstømming i månaden. 30 kroner per ekstra tømming har ført til mindre boss og meir resirkulering

Enok Groven og BIR-bosspann

ENGASJERT: Naturvernar Enok Groven meiner at færre tømmingar fører til mindre boss.

Foto: Fredrik Økland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Når folk kjem og hentar bosset ditt ein gong i veka, så er det veldig lett å kasta veldig mykje. Eg trur færre tømmingar vil vera det mest effektive tiltaket for å få folk til å kasta mindre boss, og resirkulera meir, seier naturvernar Enok Groven.

Ferske tal frå renovasjonsselskapet BIR tyder på at Groven kan ha rett.

For 18 månadar sidan blei det innført eit prøveprosjekt i Bergen kor kundane betalar for ei tømming i månaden. Om du vil tømma bosspanna oftare, kostar det 30 kroner.

Mindre avfall, meir resirkulering

Kommunikasjonssjef i BIR, Mette Nygård Havre, fortel at den fleksible gebyrmodellen har gitt tydelege resultat:

– Før sette bergensarane i snitt ut restavfall-spannet sitt 40 gonger i året. Etter at me innførte prøveprosjektet med fleksibel gebyrmodell, så er me nede i 27 tømmingar i året.

Nygård Havre innrømmer at dei kan ha tømt halvfulle spann tidlegare, men understrekar at ordninga faktisk får folk til å sortera ut meir resirkulerbart boss frå restavfallet sitt.

– Me ser ei stor auke i plastemballasje og glas og metall, så bergensarane har greidd å redusera sin eigen restavfallsmengde, og sorterer mykje betre ut avfall som tidlegare hamna i restavfallet.

Nygård Havre fortel at dette er sjølve målet med den fleksible gebyrmodellen, for BIR ønsker betre kjeldesortering sånn at dei kan bruka ressursane i avfallet på rett måte.

Kommunikasjonssjef i BIR Mette Nygård Havre

MYKJE BETRE: Mette Nygård Havre i BIR fortel at bergensarane har blitt ekstremt mykje betre på sortering.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Viser at hushaldningar kan gjera meir

Ordninga blei innført i åtte av BIR sine ni eigarkommunar i 2009. Det var berre Bergen kommune som ikkje innførte ordninga permanent den gongen. Prøveprosjektet i Bergen varer ut 2017, og så skal bystyret vurdera om ordninga skal bli permanent.

– Politikarane i Bergen ville ikkje innføra den fleksible gebyrmodellen i 2009. Men tala frå dei åtte kommunane som innførte ordninga permanent viser akkurat den same trenden som i Bergen, seier Mette Nygård Havre.

Silje Lundberg, som er leiar i Naturvernforbundet, meiner at det vil vera viktig å sjå på korleis ein skal bruka renovasjonsgebyr og andre økonomiske verkemiddel for å sørga for mindre avfall.

Leder i Naturvernforbundet Silje Ask Lundberg

VIKTIGE VERKEMIDDEL: Silje Lundberg i Naturvernforbundet meiner det er viktig å sjå på økonomiske verkemiddel for å få ned forbruket vårt.

Foto: Naturvernforbundet

– Resultata frå Bergen viser at private hushaldningar kan gjera langt meir for å redusera forbruket sitt. Når ein får dei rette insentiva for å kasta mindre, så gjer ein det, seier leiar i Naturvernforbundet, Silje Lundberg.

Nygård Havre peiker på at politikarane i Bergen både har prøvd, og sett resultata frå ordninga no. Ho trur at dei aller fleste vil vidareføra ordninga. Det vil iallfall naturvernar Enok Groven.

– Det er noko eg har venta på veldig lenge. Eg synest at det er ein gledeleg nyheit at dei endeleg får ræva i gir, som me seier på bergensk.