NRK Meny
Normal

Bergen har fått ein ny Brann-helt

Kim Ojo lovar å gje alt for klubben.

Video Brann-helten Kim Ojo

– Vi skal jobba saman, dø saman og vinna saman, seier den nye helten i Brann, Kim Ojo, dagen etter sjokksigeren mot Rosenborg.

Snakkar om gull

Etter ein overbevisande 2-1-siger i går, er det bergensarar som no snakkar om seriegull til Brann.

Men Brann-trenar Rune Skarsfjord meiner det er grunn til å vera litt nøktern.

– Det må ikkje bikka over, så vi trur vi er Pelé heile gjengen, seier Skarsfjord.

Han fortel at spelargruppa no skal jobba vidare med det mentale, etter den oppsiktsvekkande sigeren.

Imponert supporter-leiar

Roger Lillebøe-Hansen

Leiaren i Bataljonen, Roger Lillebøe-Hansen, er optimistisk etter sigeren over Rosenborg.

Foto: NRK

Den nyvalde leiaren i supporterklubben Bataljonen, Roger Lillebøe-Hansen, fekk ein "flying start" i arbeidet med å skapa engasjement rundt klubben.

– Det var heilt vanvittig å vera på stadion i går, seier Lillebøe-Hansen, som framleis slit med stemma etter tribunekampen.

Han sa før kampen at han ikkje tvilte på at Brann kunne slå Rosenborg.

– Realistisk sett er det tøft å starta mot Rosenborg. Men eg tvilte ikkje på at vi kunne greia det, seier supportersjefen.

Han er enig med Skarsfjord i at det er lurt å vera litt nøkterne når det gjeld utsiktene framover.

– Men viss spelarane krigar, då kan vi vinna ein god del kampar, seier Roger Lillebøe-Hansen.

Siste video

Nå vurderer naboene å flytte.
Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.