Bergen Næringsråd ber staten gå inn som eigar i fleire private selskap på Vestlandet for å hindre utflagging.
Bakgrunnen for innspelet til Nærings- og handelsdepartementet og statsråd og tidlegare mangeårig byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland (H), er blant anna at stadig fleire store familiebedrifter har blitt selde dei siste åra, skriv Dagens
Næringsliv.
Bergen Næringsråd peiker på ein rapport som viser at staten berre eig 12 prosent av næringslivet på Vestlandet mot 16 prosent i landet elles. Dessutan er regjeringas nye eigarskapsmelding like rundt hjørnet.
Ved at staten tar større eigarposisjon i nøkkelbedrifter på Vestlandet, vil ein hindre utflagging, flytting av viktige funksjonar og forvitring av kompetanse, meiner næringsrådet.
– Vi er eit land som er i ein heilt unik situasjon. Vi har moglegheit til å ta strategiske eigarposisjonar. Når salet er gjort, er det for seint, seier Marit Warncke frå Bergen Næringsråd.
– Vårt utgangspunkt er å auke det private eigarskapet i Norge, ikkje det offentlege. Det er vårt veldig klare utgangspunkt for eigarskapsmeldinga vi skal leggje fram, seier Mæland.
Ho seier likevel ikkje tvert nei til innspelet, og lover å lese det nøye.