Hopp til innhold

Bedehusa kaprar kyrkjegjengarar

Kyrkjefolket føler seg meir heime på bedehuset.

Moe kirke på Svorkmo
Foto: Karl Inge Jensen

Fredag blir dei offisielle tala på kyrkjegjengarar i landet lagt fram.

Men allereie i dag kan NRK Hordaland presentere dei førebelse tala som bispekontoret har fått tilsendt frå dei ulike prostia.

Tala viser at det i 2007 har vore betydeleg færre besøkande på søndagsgudstenestene i Bergen og i områda rundt byen. Både Vesthordland, Nordhordland, Midhordland, Laksevåg og Bergen domprosti opplever ein betydeleg tilbakegang.

Svikter ettermiddagsmesser

Ein av dei som har opplevd størst nedgang, er prost Erling Kopperud i Vesthordland prosti.

- Statistikk kan gjerne lure deg, men vi opererer faktisk med ein tilbakegang på ti prosent sidan 2005, seier Kopperud.

Bedehus

MODERNE forsamlingsbygg, som Brunstad Konferansesenter i Stokke i Vestfold, tiltrekkjer seg mange unge.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

På Sotra og i Øygarden er tilbakegangen markant. På toppen av det heile er dette eit vekstområde som har hatt 3,5 prosent auke i folketalet den same perioden. Askøy, som veks endå meir, harhar også hatt ein samla tilbakegang.

- Det vi har opplevd, er at besøkstala blir lågare når vi legg høgmessene til andre tidspunkt enn på søndag føremiddag. Dessutan går kyrkjegjengarane sjeldnare i kyrkja enn før, seier Kopperud.

Rømmer til byen

Samstundes veks besøkstala i andre menigheiter. Både frimenigheitene og misjonsorganisasjonane sine bedehus i Bergen merkar framgang.

Erling Kopperud trur ein del av årsaka er andre trussamfunn, organisasjonar og kyrkjelydar som er meir tilpassa unge familiar.

- Det kan nok vere ein del av kristenfolket søkjer seg til andre søndagsfellesskap i byen, både i frikyrkjelege samanhenger og i frivillige organsisasjonar, seier han.

Generalsekretær i Indremisjonsforbundet, Karl Johan Hallaråker, trur trenden er i ferd med å ta av.

- Vi har det største dømet i Bergen, men det gjeld også i andre byar og tettstader. Spesielt gjeld det unge familiar som skal følgje borna gjennom heile veka. Dei vel å ha tilknyting på ein plass, og gjerne ein stad som kan tilby "alt-under-eitt-tak", seier han.

- Betre enn på 30 år

Ein av desse stadene, er Tremorkirken på Sotra, som har lagt gudstenestene til kjøpesenteret Sartor Senter.

- Vi har meir moderne musikkformer. Vi har full pakke som vi seier, med forsamling og med fullt opplegg for både barn og vaksne. Og eg opplever at vi når nye generasjonar på ein måte vi ikkje har gjort i løpet av dei 30 åra eg har vore med i Indermisjonsforbundet, seier pastor Willy Landro.

I fjor meldte 984 personer seg ut av kyrkjar i Bjørgvin bispedøme. Talet på utmeldinger har aldri vore høgare. Likevel er auken såpass liten at det ikkje vert sett på som nokon protestaksjon etter kyrkjemøtet i fjor.

Besøkende på gudstjenester

Prosti

Besøkende 2006

Besøkende 2007

Domprosti

428

414

Laksevåg

96

97

Midthordland

119

107

Nordhordland

97

95

Fana

167

168

Sunnhordland

111

111

Vesthordland

135

126

* Tala for Åsane og Arna prosti er ikkje samla inn, men Åsane menighet har registrert ein merkbar nedgang i 2007.

** Hardanger og Voss prosti har ikkje sendt dei samla tala til Bjørgvin bispedømme.