Hopp til innhold

Beate fekk eit lastebilhjul i husveggen. Vegvesenet seier nei til rekkverk ved huset hennar

Eit lastebilhjul på avvegar frå fylkesvegen dundra inn i husveggen til Beate Gauden. No vil ho ha rekkverk, men Vegvesenet svarer at dei skal sikre trafikk, ikkje hus.

Hjul i veggen collage

SKADD: I 03-tida på natta fekk Beate Gauden frå Kvam eit lastebilhjul inn i huset. Det øydela fleire bord på kledninga til huset hennar.

Foto: Privat

Natt til 22. mars i år losna eit hjul frå ein lastebil, og landa i ein husvegg på Vikøyvegen i Kvam i Hordaland.

Ingen personar blei skada, men hjulet laga skadar på sju av borda på kledningen på huset til 55 år gamle Beate Gauden.

– Hadde eit av barna rundt her vore i nærleiken, så hadde det vore livsfarleg, seier Gauden.

Ho la ut bildet på ei lokal gruppe på Facebook, og blei kontakta av ein verkstad som hadde fått inn ein bil som mangla eit hjul.

Husvegg skadet av hjul

UNDER REPARASJON: Husveggen til Gauden blir reparert. Men no vil ho ha sikring.

Både eigaren og Gauden var forsikra, og veggen blir reparert i desse dagar.

Vil ha tryggleiksgjerde – fekk avslag

Men opplevinga sette ein støkk i Gauden. No har ho søkt til Statens vegvesen om rekkverk for å trygge huset.

– Det var ikkje i tankane mine at noko sånt kunne skje, så eg søkte etter dette.

Vegvesenet vil ikkje betale for eit slikt rekkverk.

Beate Gauden

VIL KLAGE: Beate Gauden vil klage på vedtaket frå Vegvesenet.

Foto: Privat

I ein e-postkorrespondanse NRK har fått sett, skriv dei at dei forvaltar fylkesveg 49 på vegner av Hordaland fylkeskommune, og at denne forvaltinga blir utført i tråd med veglova.

I lova står det ikkje noko om å sikre alle eigedommar langs vegnettet mot køyretøy eller last ute av kontroll, skriv dei.

– Vegrekkverk er ikkje bygde for å sikre eigedom, men for å sikre trafikk mot utforkøyring, seier senioringeniør Terje Vidar Hoel på vegavdelinga i Statens vegvesen i Hordaland.

Ikke bratt nok

SVINGEN: Det er ikkje bratt frå vegen og ned til huset til Gauden. Difor sette ikkje Vegvesenet opp eit rekkverk, seier dei.

Foto: Privat

– Noreg ville gått konkurs

Hoel seier at rekkverket er sett opp der det er bratt terreng og sluttar der terrenget slakkar av, ikkje fordi det ikkje stod eit hus på tomta då dei sette det opp.

– Hadde hensikta vore å beskytte alle eigedomar hadde vi fått ein kjempejobb og Noreg ville gått konkurs. Ho har hatt maksimalt uflaks, seier Hoel.

Ein meter betongrekkverk kostar 2.000 kroner seier han, men det er berre løpemeterpris. Entreprenør og tilrigging kjem i tillegg.

Hoel forstår at Gauden er engsteleg.

– Eg skjønnar at ho er engsteleg og ikkje får sova om natta, seier han.

Lastebilhjulet som traff veggen til Beate

FALL AV: Hjulet fall av ein lastebil som køyrde forbi.

Foto: Privat

Vurderer å betale sjølv

Gauden seier at naboar som heller ikkje ligg i ei bratte frå vegen har fått betongrekkverk. Ho meiner at Vegvesenet ikkje er konsekvente, og vil klage på vedtaket.

– At det ikkje er sannsynleg at dette skjer igjen er nok sant, men kanskje eg får ein bil i huset mitt neste gong. Det er ingen tryggleik no, seier ho.

Ho vurderer òg å punge ut sjølv.

– Eg må kanskje gjere det, seier Gauden.