Hopp til innhold

Barnehageeigar gav seg sjølv firedobbel løn – må betala tilbake 1,8 millionar kroner

Ho gav seg sjølv 4,7 millionar i løn på tre år. No blir ho møtt med millionkrav. – Eg er svært overraska og djupt ueinig. Dette er ein hån mot oss som har jobba gratis for å bidra til full barnehagedekning, seier Renate Lundgren Nysæther.

Renate Lundgren Nysæther, eier Cultiva barnehage

BARNEHAGEEIGAR: Fylkesmannen krev at barnehageeigar Renate Lundgren Nysæther betalar tilbake 1,8 millionar kroner til Bergen kommune. Årsaka er at dei meiner ho ikkje har dokumentert at pengane har kome barna til gode.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Gjennom fleire år har barnehagestyraren i Cultiva barnehage i Bergen brukt lite pengar på personalkostnader - og utbetalt millionar til seg sjølv.

I slutten av april i 2017 opna Bergen kommune økonomisk tilsyn. Bakgrunnen var eit oppslag i Utdanningsnytt som viste at styraren – trass barnehagen si beskjedne omsetning – i 2015 tente mest av alle leiarar for aksjeselskapsbarnehagar i Noreg.

Kommunen konkluderte med at eigar, styrar og pedagog Renate Lundgren Nysæther over ein periode på tre år hadde gitt seg sjølv løn som ho ikkje har krav på.

Kommunen kravde å få betalt tilbake 1,96 millionar kroner.

– Det er fullstendig uaktuelt, sa Nysæther til NRK og klaga saka til Fylkesmannen.

Reduserer kravet – må likevel betala millionsum

No har Fylkesmannen i Vestland behandla saka.

Med unntak av enkelte justeringar og ein reduksjon i kravet knytt til Nysæther sin bruk av firmabil, stiller dei seg bak argumenta frå Bergen kommune.

– Dette er ei sak me har jobba svært lenge med. Det har kome inn dokumentasjon og motsvar frå partane undervegs, men me er sikre på den konklusjonen me har landa på, seier Marianne Svege, seksjonsleiar på utdanning- og verjemålsavdelinga.

Fylkesmannen reduserer kravet frå 1,98 til 1,8 millionar kroner. Vedtaket kan ikkje klagast på.

Renate Lundgren Nysæther, eier Cultiva barnehage

– HAR STØTTE: – Eg er audmjukt takksam for at foreldregruppa har vore støttande desse krevjande åra, seier Renate Lundgren Nysæther.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Eigaren: – Svært overraska og djupt ueinig

Barnehageeigar Renate Lundgren Nysæther seier til NRK at ho ikkje har gjennomgått vedtaket grundig.

– Men eg er svært overraska over vedtaket, og kan seia at eg er djupt ueinig, seier Nysæther.

Ho seier barnehagen er mellom dei i Bergen foreldre er mest nøgde med, og at ho har stått på hardt for å gjera barnehagen god. Ho innrømmer at ho burde ha kome med betre dokumentasjon, men er likevel skuffa over konklusjonen frå Fylkesmannen.

– Som einaste eigar må eg jobba når eg er sjuk, skada, i ferier, kveldar og helger. Dette er ein hån mot oss som har stått på langt utover yteevne, og jobba gratis for å bidra til full barnehagedekning, seier Nysæther.

Nysæther avviser også at dei tilsette var vore lågt lønna, og seier at tilsette har tarifflønn og startar med fire års ansiennitet.

Ho seier ho no vil gå grundig gjennom vedtaket og vurdera kva ho skal gjera, men er klar på at tilbakebetalingskravet vil ha betydning.

– Det vil bli nokre år med sparekniv, og det er det utarbeidd ein strategiplan for, seier eigaren.

Tok ut fire gongar høgare løn

Mellom 2014 og 2016 viser rekneskapen at barnehagen betalte ut totalt tolv millionar kroner i løn. Av desse har Nysæther sjølv fått 4,7 millionar.

Tala viser at barnehagen i gjennomsnitt har hatt 384.000 kroner i lønsutgifter til dei andre tilsette per årsverk.

I barnehagelova er det nedfelt at lønsutgiftene per plass i barnehagen ikkje kan vera vesentleg lågare enn lønsutgiftene i kommunale barnehagar.

Dette punktet meiner Bergen kommune Nysæther og Cultiva barnehage ikkje har oppfylt. Det har Fylkesmannen stilt seg bak.

  • Avviket mellom barnehagen og dei kommunale barnehagane sine personalkostander er på mellom 16 og 25 prosent. Avvika utgjer minst éin heil stilling til i barnehagen. Sidan barnehagen ikkje kan forklara det store avviket, meiner Fylkesmannen at dette avviket er vesentleg.
Marianne Svege

SEKSJONSLEIAR: Marianne Svege ved utdanning- og verjemålsavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Meiner ho har jobba 160 prosent

Sidan Nysæther har vore tilsett både som dagleg leiar og pedagogisk leiar, har ho argumentert med at ho har hatt ein stillingsprosent på 160. Dermed meiner Nysæther at ho har kunna løyva seg meir i løn enn det ein dagleg leiar i ein tilsvarande privat barnehage normalt vil få.

– Det ligg ganske mykje til grunn for dei lønsutbetalingane, sa Nysæther til NRK i 2017.

Etter Bergen kommune sine utrekningar skulle ho som dagleg leiar ha krav på 754.484 kroner i tariffmessig løn.

I realiteten har Nysæther hatt ei gjennomsnittleg årsløn på 1,57 millionar kroner mellom 2014-2016.

– Tilsyn er eit problematisk område

Eit gjennomgåande moment i saka er at barnehagen ikkje har kunna dokumentera at barnehagen sin bruk av kommunale tilskot er i tråd med lova.

Fylkesmannen har difor konstatert fleire brot på barnehagelova §14:

  • Nysæther har ført inntekter frå si private kursverksemd på barnehagen og tatt dei ut som løn.
  • I 2014 innvilga Nysæther eit lån til seg sjølv på 424.922 kroner. Dette blei seinare gjort om til løn.
  • Fylkesmannen meiner det kan sjå ut som at låge personalkostnader har gjort det mogleg å betala ut høg løn til eigar.

Ifølge seksjonsleiar Svege er dette den første klagesaka Fylkesmannen har fått til behandling, som gjeld eit økonomisk tilsyn i ein barnehage.

Ho ventar fleire i tida som kjem.

– Eg trur det er stor fagleg semje om at tilsynsretten i norske kommunar blir nytta i for liten grad på dette området. Juridisk er slike tilsynt svært omfattande og vanskelege, spesielt for små kommunar som ikkje har ressursar til å gjennomføra dei.