Hopp til innhold

Avslørte norsk overgrepsnettverk: Inntil 20 tatt tilknytt operasjon «Dark Room»

I lang tid har Vest politidistrikt jobba med ei stor overgrepsopprulling.

Politihuset i Bergen

STORE RESSURSAR: Her på politihuset i Bergen har det over lang tid blitt etterforska ei større overgrepssak.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Vest politidistrikt har jobba mødesam med å nøste opp eit nettverk som mellom anna har delt overgrepsbilete. Det har ført til ei eiga gruppe hos politiet, som har jobba med ein operasjon kalla «Dark Room».

Politiet har jamleg gått til nye pågripingar, men har ønska å halde det hemmeleg, av frykt for at andre personar skal få moglegheit til å kvitte seg med bevis. Politiet vil ikkje uttale seg om saka før pressekonferanse søndag klokka 14.00.

– Temaet er knytt til sak om etterforskinga av seksuelle overgrep mot barn, skriv politiet i ei pressemelding.

Varierande grad av omfang

NRK har følgt saka over lengre tid, og kjenner til nær 20 saker der personar er sikta og somme tiltalt eller dømt for spreiing av overgrepsbilete.

Ein del av desse personane høyrer til eit pedofilt nettverk, som er utgangspunktet for Operasjon «Dark Room». Mange av dei 20 er sikta for deling av overgrepsbilete, med utspring frå det pedofile nettverket.

Etterforskinga og pågripinga har gått føre seg over fleire politidistrikt. Det kan bli fleire arrestasjonar i saka.

– Eg kan ikkje uttale meg om denne saka, seier påtaleleiar Gunnar Fløystad.

I dag tok Sør-Vest politidistrikt ut sikting mot ein politimann, då han dukka opp under etterforskinga i Bergen. Politiet har valt å ikkje arrestere mannen, og saka skal etter det NRK forstår ha eit avgrensa omfang.

Kryptert nett

Ein del av bakteppet har forgreiningar til FBI. I 2014 greidde amerikansk etterretning å ta over kontroll over eit chatteforum for pedofile på den krypterte delen av nettet.

Gjennom å halde på kontrollen av nettsida «Playpen» fekk dei tak i IP-adressene til alle som brukte nettstaden over ein periode. Lista inkluderte namn på personar i mange land, blant anna Norge.

Etter det NRK kjenner til, er dette berre del av opphavet til Operasjon «Dark Room». Politiet har på eigen hand nøsta opp i desse sakene.

Årsak til kapasitetsutfordringar

Den mykje omtalte varslaren ved spaningsavsnittet (ESA) i politidistriktet har sagt at dei sidan hausten 2014 har fått føringar om å ikkje arrestere personar for grov narkotikakriminalitet.

NRK har ikkje kjennskap til at etterforskinga i overgrepssaka har gått føre seg tidlegare enn hausten 2015.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård har forklara delar av Vest politidistrikt sine utfordringar med at store ressursar var knytt til denne operasjonen.

Ein spanar i ESA søkte seg sjølv over i politigruppa i februar 2016. Humlegård var i Bergen for å snakke med etterforskingsgruppa to gonger denne sommaren.