Hopp til innhold

Sentrale politifolk blir avhøyrt i Monika-saka

Spesialeininga for politisaker er i gang med å finne ut om det skjedde noko straffbart då politiet i Hordaland etterforska den åtte år gamle jenta sin død. Etter det NRK kjenner til skal fleire enn ti politifolk inn til avhøyr.

Monika Sviglinskaja montasje

INN TIL AVHØYR: Etter det NRK kjenner til skal fleire enn ti politifolk tilknytt Monika-saka inn til avhøyr med Spesialeininga for politisaker. Dei reknar med å vere ferdig med avhøyra om 14 dagar.

Foto: Montasje / Privat/Presttun foto

Politihuset i Bergen.

Politiet i Hordaland er under etterforsking.

Foto: Vidar Gudvangen

– Vi er no i gang med å avhøyre sentrale personar i Hordaland politidistrikt som kan knytast til etterforskinga av Monika-saka. Eg kan ikkje kommentere innhaldet nærare enn det, fortel Halvor Hjelm-Hansen, som leiar Spesialeininga for politisaker i Midt-Norge og Nord-Norge.

Det er dei som har fått oppgåva å etterforska Hordaland politidistrikt, for å finna ut om politidistriktet eller enkeltpersonar gjorde noko straffbart under etterforskinga av åtte år gamle Monika Sligvinskaja sin død i 2011.

– Vi opplever å få mykje informasjon gjennom avhøyra, held Hjelm-Hansen fram.

Melde saka til Spesialeininga

Kristina Sviglinskaja

– MITT STØRSTE ØNSKE ER Å FÅ SVAR: Kristina Sviglinskaja, mor til Monika, melde politiet i Hordaland til Spesialeininga for politisaker i juni i år.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Kritikken mot politiet i Hordaland har hagla etter at saka tok ei ny vending i haust. Den åtte år gamle jenta vart funne død i ein leilegheit i Sund kommune utanfor Bergen, men politiet la vekk saka i 2012 og konkluderte med at det ikkje hadde skjedd noko straffbart.

21. oktober i år vart ein 32 år gamal mann arrestert og sikta for drap på den åtte år gamle jenta. I juni i år anmeldte bistandsadvokat Stig Nilsen politiet i Hordaland til Spesialeininga for politisaker, på vegne at jentas mor.

Avhøyra som Spesialeininga no skal gjennomføra, går føre seg i Bergen.

Titals politifolk inn på teppet

Etter det NRK kjenner til skal fleire enn ti politifolk som kan knytast til etterforskinga inn til avhøyr.

– Dette er ei prioritert sak for oss. Vi brukar dei ressursane som er naudsynte for å vurdere om det er gjort straffbare forhold, enten frå politidistriktet si side eller enkeltpersonar si side.

– Har avhøyra svekka eller styrka påstandane i meldinga?

– Det er alt for tidleg å trekka nokon konklusjonar, svarar Halhjem-Hansen og seier Spesialeininga vil ta ei samla vurdering når alle avhøyra er gjort.

Ferdig om to veker

Dei reknar å vera ferdig med avhøyrsrunden i løpet av 14 dagar.

– Så må vi ha ei fortløpande vurdering av ytterlegare etterforskingsskritt.

Det er personar frå Spesialeininga si avdeling i Midt- og Nord-Norge som i all hovudsak gjennomfører etterforskinga. Dei har moglegheit til å bruke etterforskarar frå andre delar av eininga, men har ikkje nytta nokon frå Vest-Norge.

Dei skal heller ikkje ha henta inn spesialkompetanse frå andre delar av justissektoren, slik som Økokrim og Kripos. Når saka er ferdig behandla, vert ei innstilling sendt til sjefen for Spesialeininga, som sit på Hamar.

– Der blir det vurdert om det blir ei påtaleavgjerd eller om saka blir lagt vekk.

– Kva er dei moglege utfalla av dykkar etterforsking?

– Heilt generelt kan eg sei at Spesialeininga sine vurderingar vanlegvis dreiar seg om tiltale, føretaksstraff eller henlegging.