NRK Meny
Normal

– Fleire på tribuna har gitt fleire sigrar

Når det har sett som mørkast ut for Brann har publikumstalet auka. Det er det som kan redde Brann, meiner salssjef i Brann, Dag Frode Algerøy.

Brannsupportere

EI VIKTIG STØTTE: Salssjef i Brann meiner supporterane kan ha stor verdi for utfallet av heimekampane.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

På dei to førre heimekampane til Brann har salssjefen registrert ein kraftig auke i talet på publikummarar. Dei same kampane enda også med siger til heimelaget, over Ålesund og Rosenborg.

– Spelarane har verkeleg respondert på den støtta dei har fått frå den tolvte mann på tribunen, seier Algerøy.

– Fullsett stadion er ei enorm styrke

Vi seier at det er åtte–ni cupfinalar igjen denne sesongen

Dag-Frode Algerøy, salssjef i Brann

Om denne trenden er ein garanti kan han ikkje love, men han er ikkje i tvil om at talet på støttespelarar på tribunen betyr mykje.

– Det vi veit er at ein fullsett stadion er ei enorm styrke for oss, og ein passeleg stor frykt for motstandaren på andre banehalvdel. Vi veit frå alle tider at det har vore slik at motstandarar har både grua og gledd seg til å komme på stadion, og dei som har oftast reist herifrå med 0 poeng i kofferten, seier salssjefen.

Søndag kjem Molde til Brann Stadion. Ved lunsjtider fredag var det seld over 12.000 billettar. Under kampen mot Ålesund enda talet til slutt på 13.500, og seinare mot Rosenborg på 14.500.

– Det hadde vore utruleg kjekt å kunne heve med nye tusen, og ønskje 15.500 menneske velkomne til ein strålande fotballkamp, seier Algerøy.

Må kjempe seg opp

For han, som alle andre, veit at Brann får det tøft resten av sesongen. No ligg dei på nedrykksplass med 19 poeng, på plassen før Sandnes Ulf, og under Sogndal.

– Vi seier at det er åtte–ni cupfinalar igjen denne sesongen, og vi treng støtte i kvar einaste ein. Så vi ønskjer oss veldig at supporterane stiller opp for oss heile hausten inntil plassen i Tippeligaen er sikra og vi kan feire med fyrverkeri.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Norge nå er et direktesendt show fra hele landet.
Programleiar: Jan Børge Leirvik