Golfstrømmen er viktig for livet i Norge.
Klimaendringar frå 2010
Klimaforskarane er opptatt av den "termohaline sirkulasjon" som oppstår når den varme salte Golfstraumen møter kaldt vatn frå nord. I Pentagon-rapporten ser ein for seg at denne sirkulasjone bryt saman etter at smeltevatnet har lagt seg som eit lokk over det varme livgivande vatnet frå sør. I 2010 startar klimaendringane.
Dermed forsvinn den krafta som "drar" Golfstraumen nordover. Pentagonrapporten skildrar korleis verdenssamfunnet vil bryta saman under matmangel og forlite vatn. Det vil bli krigar og folkevandringar.
Forskningsleiar Svein Sundby ved Bjerknes Senter for Klimaforskning trur ikkje på dei amerikanske advarslene. Foto: Jo Hjelle / NRK
Trur ikkje på amerikanarane
Svein Sundby er forskningsleiar ved Bjerknes senter For Klimaforskning i Bergen. Han meiner det er galt å berre fokusera på den "termohaline sirkulasjon". Om denne krafta vert svekka fins det andre krefter. Vind og trykksystem lagar ei kraft som "skyv" Golfstraumen nordover. Det ser dessuten ut som denne "skyve-krafta" vert sterkare når "dra-krafta" vert svekka. Den alarmerande Pentagonrapporten er dermed urealistisk, seier Sundby.
Høgare havtemperatur
- Det kan vera viktig for amerikanske styresmakter å gjera slike tankeeksperiment, men det er lite sannsynleg at slikt vil skje", seier klimaforskaren.
Dei siste femten åra er det målt stadig høgare temperatur i havet utanfor Norge.
- Noko er på gang, seier Svein Sundby. Klimaforskarane ved Bjerknes senter For Klimaforskning spår våtare og villare ver i sitt langtidsvarsel.