Hopp til innhold

Askøy vil nærare Nordhordland

Det bør snarast koma ei ferjerute mellom nordre Askøy, Meland og Radøy, foreslår Framstegspartiet på Askøy. Dei trur ferjeruta vil korte ned køane på Nordhordlandsbrua og Askøybrua.

Askøybroen sett fra Bergen mot Askøy

KORTE NED KØANE: Framstegspartiet på Askøy foreslår med støtte frå Høgre, at det bør snarast koma ei ferjerute mellom nordre Askøy, Meland og Radøy. Dei trur ferjeruta vil korte ned køane på Nordhordlandsbrua og Askøybrua.

Foto: Guillaume Baviere / Wikimedia

– På sikt vil alle ha bru eller tunnel. Men første steg må vere ferje, seier varaordførar Roald Steinseide (Frp).

Roald Steinseide

FORESLÅR NY FERJERUTE: Varaordførar i Askøy kommune, Roald Steinseide (t.h), meiner ei ferje kan bøte på køane i fleire flaskehalsar inn mot Bergen, og kutte ned på trafikken gjennom byen.

Foto: Oddgeir Øystese

Framstegspartiet på Askøy foreslår med støtte frå Høgre, at det bør snarast koma ei ferjerute mellom nordre Askøy, Meland og Radøy. Steinseide seier kommunen har ein kai nord på øya som passer perfekt til ei rute over til Meland og Radøy.

– Denne kaia må vi nytte og det vil då opne opp for å få eit samband mellom Nordhordland og Askøy kommune, seier Steinseide.

På industriområdet Mjølkevikvarden heilt nord på Askøy ligg kaien som altså kan bli eit nytt trafikk-knutepunkt. Herfrå ser ein rett over Herdlefjorden til Meland, i dag er køyreavstanden om lag halvannan time.

Kutte ned på trafikken

På andre sida ligg Øygarden som og kan inkluderast i ferjesambandet. Steinseide meiner ei ferje kan bøte på køane i fleire flaskehalsar inn mot Bergen, og kutte ned på trafikken gjennom byen.

Ferjekai på Askøy

NY FERJERUTE: Her ønskjer Framstegspartiet på Akøy, med støtte frå Høgre, at ei ny ferjerute skal kome mellom nordre Askøy, Meland og Radøy.

Foto: Oddgeir Øystese

– Eg synest det er eit godt forslag, og dette er noko eg synest er viktig, seier Høgre-ordførar Siv Høgtun som altså støtter ferjeplanane.

– Er kommunen villig til å bruke pengar på dette?

– Eg må sjå det gjennom det selskapet vi har, og så får vi sjå kva Askøy kommune gjer, men eg har ikkje noko på budsjettet i dag nei, seier Høgtun.

Så raskt som mogleg

– Ferjer betaler seg jo sjølv, i dag må ein jo betale uansett når ein køyrer igjennom. Så må regionale og statlege styresmakter inn på heilt alminneleg måte, seier Steinseide.

– Har du gjort noko analyse som tilseie at det er trafikkgrunnlag for dette?

Høgre-ordførar Siv Høgtun, Askøy kommune

GODT FORSLAG: Ordførar i Askøy kommune, Siv Høgtun støttar ferjeplanane.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Trafikkgrunnlaget vil jo vere der, for Askøy har stor tyngdepunkt på industri. Det same har ein i Sotra-regionen. Bilistane skal til Nordhordland og via Mongstad, så den trafikken er eg ikkje uroa for, seier Steinseide.

Trenden er at ferjestrekningar vert lagde ned, ikkje oppretta. Eit vegsamband nordover som kan skape ein ytre hovudveg er framleis målet. Steinseide og Frp vil starte ferje for å kunne legge den ned.

– Det vil gjere at vi får eit ferjeavløysingsprosjekt med tida, og få fortgang med å binde denne regionen samen, legg Steinseide til.