Styrefagleg Møteplass opplever stor pågong frå verksemder som er på jakt etter kvinnelege styrekandidatar.
Aktiv jakt på kvinner
Frå nyttår skal børsnoterte aksjeselskap ha 40 prosent kvinner i styret, og det har ført til aktiv jakt på dei best kvalifiserte kvinnene.
- Eg får fleire direkte henvendingar utan å ta kontakt med verksemdene sjølv, seier dagleg leiar i Styrefagleg Møteplass, Elin Hurvenes.
Illustrasjonsfoto: Scanpix
Berre 15% damer
I samarbeid med NHO og Innovasjon Norge har Styrefagleg Møteplass som mål å rekruttera nye kvinner til styreverv. Og det trengst.
I Hordaland er det 37 allmennaksjeselskap med tilsaman 196 styrerepresentantar. Kun 15 prosent er kvinner, viser tal frå Statistisk Sentralbyrå.
Eit seminar tidlegare i år viser at det er nok av kvalifiserte kvinner i Bergen.
- Men det er ikkje så mange av desse som kjenner eigarar, og det er eit problem, meiner Hurvenes i Styrefagleg Møteplass.
Har trua på møteplassen
Benedikte Toftesund er tidlegare banksjef og ei av 50 godt kvalifiserte kvinner som var med på seminaret i Bergen.
Ho har førebels ikkje fått noko konkret tilbod om styreverv, men trur Styrefagleg Møteplass er ein viktig start.
- Eg tykkjer det er kjempepositivt, og eg trur at for nokre kan det vera inngongsbilletten. Det er vanskeleg å stå åleine, hevdar Toftesund.