Hopp til innhold

Arbeidskameratar i sorg etter dødsulukke

Torsdag kveld var kollegaer og vener samla på Stordabrua der ulukka skjedde. Ein mann i 40-åra mista livet i dag tidleg. – Det er uverkeleg og eit stort sjokk, seier dagleg leiar i firmaet den omkomne var tilsett i.

Minnemarkering Stordbrua

MINTES KAMERATEN: Torsdag kveld mintes vener og kollegaer sjåføren som omkom etter trafikkulukka på Stordbrua.

Foto: Henrik Mundal Andreassen / Sunnhordland

Det sat to personar i varebilen då delar av taket frå eit møtande vogntog losna og trefte ein varebil på Stordabrua i Sunnhordland torsdag morgon.

Sjåføren av varebilen mista livet, medan personen som sat på passasjersida vart frakta til sjukehus. Ifølgje politiet kom han frå det utan fysiske skader.

Stengde brua for minnestund

Sjåføren som omkom var ein litauisk mann i 40-åra. Politiet kan torsdag kveld ikkje bekrefte at dei pårørande er varsla. Mannen skal ikkje ha familie i Noreg.

Fredag ettermiddag får NRK opplyst at Stord lensmannskontor ikkje har fått ei stadfesting på om familien til den omkomne er varsla.

– Varsling går via Kripos til familie i utlandet, seier Hovland.

Den omkomne var tilsett i malerfirmaet O. Kjelsnes AS på Stord.

Torsdag kveld var det minnemarkering på Stordabrua etter ulukka. Brua vart stengt i 15 minutt mens markeringa gjekk føre seg.

Ifølgje Sunnhordland møtte eit tjuetals personar opp.

– Me hadde ei fin og god minnestund med dei tilsette. Me vil òg takka politiet som stengde vegen, slik at me fekk minnast den omkomne, seier dagleg leiar Trond Kjelsnes til NRK.

Han takkar vidare bilistane som viste omsyn.

Nærbilde av vogntog som har mistet deler av rød presenning på taket.

LOSNA: Dette biletet viser den delen av taket som skal ha losna. Deler av den raude presenningen er borte på vogntoget.

Foto: Jan Kåre Ness

– Har ikkje ord

Dei 15 tilsette har i dag vore samla på kontoret og blir følgt opp av Bedriftshelsetenesta.

Arbeidskameratane tok imot bodskapet om ulukka med sjokk og sorg.

– Me har ikkje ord. Det er uverkeleg og eit stort sjokk. No må me få tid til å arbeide oss gjennom sorga, seier Kjelsnes.

Dødsulukke Stordabrua

E39 STENGD: Trafikken over Stordabrua i Sunnhordland vart stengt på grunn av ulukka.

Foto: Olav Røli / Sunnhordland


Overbygg trefte varebilen

Lensmann på Stord, Odd Harald Hovland, seier politiet veit at deler av overbygget på tilhengaren på vogntoget losna og trefte varebilen med stor kraft. Kvifor dette har skjedd er førebels uklart.

Det blåste kraftig på staden, men politiet kan ikkje seie om vinden hadde ein direkte samanheng med at overbygget losna.

Hvitt vogntog står parkert langs veien, politibil står foran

MISTA TAKET: Det var dette vogntoget som var involvert i dødsulukka. Deler av taket skal ha losna frå den bakre tilhengaren og treft den møtande bilen.

Foto: Jan Kåre Ness

Politiet har tatt avhøyr av vitne og bilistar som var i nærleiken då ulukka skjedde. Dei har òg snakka med passasjeren i varebilen og sjåføren som køyrde vogntoget.

– Me må gå gjennom desse avhøyra og vurdere om det trengst fleire avhøyr, seier Hovland.

Erkjenner ikkje straffskuld

Sjåføren av vogntoget har status som mistenkt medan politiet etterforskar om last og bilen var forsvarleg sikra.

Ifølgje politiet skal vogntogsjåføren ha køyrd vidare då han ikkje forstod omfanget av det som skjedde.

– Han erkjenner ikkje straffskuld, seier Odd Harald Hovland til NRK.

Dei involverte køyretøya er sikra og vil bli undersøkt nærmare fredag.