Hopp til innhold

Del av vogntog losna på E39 og trefte bil – ein person omkom

STORD (NRK): Bil skal ha blitt treft av delar av taket frå eit møtande vogntog på Stordabrua i Sunnhordland. I over seks timar var E39 stengd.

Nærbilde av vogntog som har mistet deler av rød presenning på taket.

LOSNA: Dette biletet viser den delen av taket som skal ha losna. Deler av den raude presenningen er borte på vogntoget.

Foto: Jan Kåre Ness

Politiet varsla om den alvorlege ulukka like etter klokka 07.00 torsdag morgon.

Ifølgje vitne skal eit vogntog ha mista ein gjenstand som trefte ein bil som køyrde i motsett retning. Vogntoget køyrde vidare i sørgåande retning.

NRK har snakka med dagleg leiar i firmaet som eig vogntoget. Han stadfestar at dei har blitt stansa av politiet.

– Dette er berre forferdeleg tragisk, seier han til NRK.

Operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Britt Randulff, stadfestar ovanfor NRK at det var to personar i bilen som blei treft.

– Den andre personen er fysisk uskadd, men skal vera i sjokk. Vedkommande er sendt til sjukehus, seier Randulff.

Politiet seier alt tyder på at det er ein del av eit sokalla kapell bak på vogntoget som har losna. Dette er eit overbygg som består av ei ramme med presenning over.

– Dette er ein teknisk svikt på konstruksjonen. Sjåføren er heilt uskyldig, seier dagleg leiar i transportfirmaet.

Vogntog dødsulukke Stordabrua

MISTA TAKET: Det er dette vogntoget som var involvert i dødsulukka. Deler av taket skal ha losna frå den bakre tilhengaren og treft den møtande bilen.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Vogntoget stoppa av patrulje

Klokka 07.30 melder politiet at dei har stoppa vogntoget som var involvert i ulukka. Det blei stoppa på Grønåsen lenger sør på E39 av ein politipatrulje.

– Sjåføren skal no i avhøyr. Det er uklart om vedkommande har vore klar over kva som har skjedd, seier Randulff før klokka ni torsdag morgon.

Ifølgje politiet skal sjåføren ikkje ha forstått omfanget av hendinga då den inntrefte. Politiet skal no jobba vidare med undersøkingar for å få klarlagt faktiske forhold og ta hand om dei involverte i ulukka.

Dei opplyser på Twitter at dei ikkje kjem til å gå nærmare inn på forklaringa til sjåføren. Det har blitt oppretta sak.

Politiet melder om at kriminalteknikarar og ulukkesgruppa frå Vegvesenet er på veg til ulukkesstaden.

4B8A000D-AD4A-4324-A042-C840D7B5DF2B

STENGT: Trafikken går sakte etter ulukka. Stordabrua er stengt.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Undersøkingane vil ta tid

E39 mellom Sveio og Stord var lenge stengd stengd etter ulukka, for at krimteknikarar og ulukkesgruppa skulle få gjort sine granskingar.

Ifølgje lensmann Odd Harald Hovland frå Stord lensmannsdistrikt var planen å opne vegen igjen klokka 11.30. Dette ble utsett, men i 13.30-tida opna vegen igjen.

Då hadde E39 vert stengd mellom Bergen og Stavanger i over seks timar.

Grunna opphoping av kø blei også Bømlafjordtunnelen sør for Stordabrua stengd i morgontimane.